Helleristningene ved Holtås i Levanger, Trøndelag er et felt med veideristninger fra bronsealderen. Det inneholder 102 figurer, mest dyrefigurer. Dyrene er tegnet med konturtegnet kropp med et indre mønster av parallelle linjer, og beskrives som et tydelig eksempel på den stilhistoriske utviklingen av dyrefigurer i bergkunsten. ► Les mer her.
Raumabana er ei 114,2 kilometer lang einspora jernbane som går mellom Åndalsnes stasjon ved Romsdalsfjorden i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke og Dombås stasjon i Dovre kommune i Innlandet fylke, der ho er knytt til Dovrebana mellom Oslo og Trondheim. Bana går soleis opp Romsdalen og gjennom fjellbygda Lesja kommune øvst i Gudbrandsdalen.
Raumabana er den einaste jernbana i Møre og Romsdal fylke og var fram til 1970-talet den viktigaste kommunikasjonsåra for person-, gods- og posttrafikk mellom Møre og Romsdal og hovudstaden. Etter at det vart bygd flyplassar i Ålesund (1958) og seinare Kristiansund (1970) og Molde (1972), fekk jernbana konkurranse om dei reisande som skulle til Oslo. Les meir …