Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2024
Benjamin Britten (1913–1976) var ein britisk dirigent, musikar og komponist. Han er rekna som ein av dei viktigaste samtidskomponistane på 1900-talet, og er særleg kjend for operaen Peter Grimes (1945), War Requiem (1962) og orkesterverket The Young Person's Guide to the Orchestra (1945). Britten skreiv også fleire symfoniar og verk for barn. Han grunnla The English Opera Group og festspela i Aldeburgh.
Rundt midten av 30-talet arbeidde Britten for General Post Office Film Unit, som laga dokumentarfilmar om livet i England, særleg blant arbeidarar. Her arbeidde han mellom anna med diktaren W.H. Auden. Begge var med på å laga den omtykte filmen Night Mail. I 1939 drog Auden til USA, der han skreiv fleire stykk. Han pleia venskapen med Aaron Copland og høyrde dei nye verka hans. Britten skreiv sitt første musikalske drama, Paul Bunyan, i USA og etter ei amerikansk soge, men med libretto av Auden. Under overfarten heim til England i1942 fullførte Britten A Ceremony of Carols og Hymn to St Cecilia. Les meir …