Hopp til innhold

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2024

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Tre personar frå Skogbonaden.
Tre personar frå Skogbonaden.

Skogbonaden er ein biletvev frå mellomalderen som blei funnen ute av bruk og lagt vekk i Skog kyrkje i Hälsingland i Sverige i 1912. Han er no ved Statens historiska museum i Stockholm. Ein reknar med at teppet, som er tidfesta til 1200-talet, har vore nytta som veggteppe i ei mellomalderkyrkje som har stått i området kring Skog.

Teppet er 174 cm langt, 38 cm høgt i den venstre enden, smalnar til 35,5 cm på midten, og aukar i høgd att mot høgre, der eit om lag 16 cm langt stykkje er gått tapt. Det er vove i smettvev (soumak) med ull på kvit linbotn. Det er det siste dømet ein kjenner frå Sverige i denne eldgamle vevstilen. Skogbonaden er også ein av dei eldste tekstilane i Sverige med bruk av plantefargar. Les meir …