Har Brakha
Språkvask: Nynorsk tekst |
Har Brakha | |||
---|---|---|---|
Land | Israel | ||
Grunnlagt | 1983 | ||
Befolkning | 3 062[1] (2021) | ||
Høyde o.h. | 850 meter | ||
Nettside | yhb | ||
Har Brakha 32°11′34″N 35°15′55″Ø | |||
Har Brakha (hebraisk: הַר בְּרָכָה, Berakahhaugen) er en israelsk bosetning som ligg på den sørlige åsryggen av Gerizimfjellet 870 meter over havet, i Samariafjella. Ved sida av den palestinske byen Nablus. Har Brakha er oppkalla etter eitt av dei to fjella som er nemnt i Femte Mosebok, der halvparten av dei tolv israelske stammer gjekk opp for å velsigne. Busetjinga er organisert som ei samfunnsbusetjing og ligg innanfor jurisdiksjonen til Samaria regionale råd. I 2021 hadde busetjinga 3 062 innbyggjarar.[2]
Har Brakha vart etablert 17. november 1982. I 1987 kom ei gruppe ortodokse familiar som etablerte og grunnla busetjinga. Etter etableringa vart rabbi Eliezer Melamed utnemnd til rabbinar for busetjinga, forfattar av den halakiske bokserien Perler av halakha.[3]
Busetjinga har ein grunnskule for gutar og ein for jenter, ein ortodoks vidaregåande skule for gutar og ein for jenter, og ei yeshiva.
I 2011 kom ei stor gruppe evangeliske kristne for å hjelpe til med vinhaustinga i vingardane rundt busetjinga, på initiativ og med godkjenning frå rabbinar Melamed. Sidan då har dei budd på åsryggen vest for busetjinga.
Etter at det vart bygd nokre hundre private hus i Har Brakha, bestemte medlemmane av busetjinga seg for å starte med å byggje fire-, fem- og seksetasjes blokker. Dette vart bestemt for å redusere bustadprisane og gi unge par moglegheit til å kjøpe hus i landsbyen. Som ein del av bygginga vart det òg bygd ein gutte- og jenteskule saman med elleve barnehagar i Har Brakha.
Referanser
[rediger | rediger kilde]- ^ https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx; utgiver: Israels statistiske sentralbyrå.
- ^ חיים של ברכה בהר ברכה
- ^ This rabbi hopes to explain Judaism to millions with new website