Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune

Offentlig administrasjon

Bergen, Vestland 8,045 følgere

Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.

Om oss

Vi arbeider for alle innbyggjarar i Vestland! Vi har blant anna ansvar for vidaregåande opplæring, tannhelse, fylkesvegar, kollektivt, klima og miljø, friluftsliv, kultur og mykje meir 🏫🦷🛣️♻️🎭 Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar gjekk saman og blei Vestland fylkeskommune 1. januar 2020.

Nettsted
http://vestlandfylke.no
Bransje
Offentlig administrasjon
Bedriftsstørrelse
5 001-10 000 ansatte
Hovedkontor
Bergen, Vestland
Type
Offentlig virksomhet
Grunnlagt
2020
Spesialiteter
opplæring, næringsutvikling, videregående skole, fylkesvei, kollektiv, kultur, tannhelse, økonomi, administrasjon, politikk, klima, folkehelse, akriv, dokumentasjon

Beliggenheter

Ansatte i Vestland fylkeskommune

Oppdateringer

  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,045 følgere

    Tidleg arbeidserfaring aukar sjansane for at unge vel ein karriere lokalt. Det har tidlegare suksessar som «Ung arbeidskraft t(i)l Nordfjord» vist oss. Saman med andre aktørar i fylket set vi no i gang prosjektet Sommarjobbar i Vestland i 2025 👩💻🌍☀️ Målet er å ✅ gje ungdomar og studentar arbeidserfaring ✅ hjelpe bedrifter å rekruttere unge talent ✅ gjere Vestland til ein meir attraktiv region for framtidige arbeidstakarar – Vi håpar prosjektet også kan bidra til å redusere utanforskap og styrkje samarbeidet mellom lokalt næringsliv og ungdomar, seier Oddmund Klakegg, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune. Prosjektet har eit totalbudsjett på rundt ein million kroner, og hovudutval for næring i løyvde denne veka 300 000 kr til satsinga 💰 Les meir 👇 https://lnkd.in/d4SwNsW7 Kompetanseforum Vestland | NHO Vestland | KS Kommunesektorens organisasjon | Per Odd Grevsnes | Helene Frihammer

    300 000 kr til sommarjobbsatsing for ungdomar og studentar

    300 000 kr til sommarjobbsatsing for ungdomar og studentar

    vestlandfylke.no

  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,045 følgere

    Gratulerer med den første KomVest-prisen Bybanen Utbygging – vi er heldige som har dykk med på laget 🚊👏🏆 Kommunikasjonsforeningen Vestland har merka seg det gode arbeidet Ronny Turøy og Camilla Einarsen Heggernes har gjort med å kommunisere på vegner av eit gigantisk infrastrukturprosjekt. – Eit suksesskriterium er at vi som kommunikatørar jobbar tett integrert i prosjektet og er med på setje premissane for arbeidet. I Bybanen Utbygging har vi fått både tillit og handlingsrom til å utøve faget vårt – og det er ekstra gøy at det som vi gjer av usynleg arbeid også blir anerkjent med denne prisen, seier Turøy. Juryen for prisen har særleg merka seg det gode arbeidet Bybanen Utbygging har gjort for å kommunisere med naboane til byggeprosjektet, som opplevde støy-, støv- og trafikale utfordringar i byggeperioden. Særleg er bruken av AMEC, eit rammeverk for å kunne måle og evaluere kommunikasjonsabeid, nemnt av juryen. Bybanen har vunne prisar innan ei rekke fagfelt, no også innan kommunikasjonsfaget! Vi er stolte.

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,045 følgere

    Gratulerer med 10-årsjubileum, Klimapartnere Vestland 💚🎂🌿 10 år med inspirasjon og samarbeid, klimaleiarskap og nye løysingar! Dette er berre starten. Vi ser fram til nye år der vi skal jobbe saman og dele grøne løysingar, kunnskap og erfaring 🙌 Renate Nedregård | Truls-Einar Johnsen | Arild Sondre Sekse

    Tusen takk til alle som var med og feiret tiårsjubileum med oss på Oseana i dag! Særlig takk til Helene Frihammer, Anette Katrine Stave Severinsen og Lars-Henrik Paarup Michelsen som tok oss gjennom reisen Klimapartnere har hatt siden oppstart som Klimapartnere Hordaland i 2014, fylkesordfører Jon Askeland for den sterke støtten vi opplever fra fylket vårt, Ole Tobias Lindeberg for flott vertskap, Ruth Brusdal som satte fokus på lederskap i det grønne skiftet og Einar Vaage som delte både fra tiden som klimapartner og sin nye oppgave med snuoperasjonen på Mongstad.

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,045 følgere

    For å sikre seg framtidige tilsette har Vestland fylkeskommune inngått avtale med Høgskulen på Vestlandet (HVL). Fylkeskommunen kan vere med å påverke kva fag som er på timeplanen og på den måten vere med å utdanne nok folk til sine fagområde. Til gjengjeld skal fylkeskommunen vere med å styrke undervisningstilbodet innan veg, trafikk og arealbruk. Det vil mellom anna seie at studentar kan besøke veganlegga våre, søke sommarjobb hos oss og når Høgskulen spør stiller vi med gjesteforelesar. Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg, signerte avtalen med Magnar Berge, assisterande instituttleiar på institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap på Høgskulen på Vestlandet.

    • To personar sit ved eit grått skrivebord. Til venstre sit ei dame med rutete jakke og sjal i halsen. Til høgre sit ein mann i stripete grøn, kvit og grå skjorte. Dei har begge ein penn i høgre hand og sit med kvar sin avtale som dei skal skrive under.
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,045 følgere

    Viktig dag for kulturbyen Bergen: I dag er Sentralbadet AS stifta 🌟   No kan både bergenserar og vestlendingar sjå fram mot 2026. Då skal det nye, flotte kulturbygget stå ferdig i det som i si tid var den første symjehallen i Bergen 🎭 🏊♀️   Carte Blanche, BIT Teatergarasjen og andre aktørar frå scenekunstmiljøet skal nytte det "nye" Sentralbadet. I bygget blir det blant anna to store scenerom med 150 og 300 sete i eit skyvbart amfi. Det blir fleire studio, kontorareal og kafé/restaurant 🎶🎬🎸   Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering, signerte stiftingsprotkollen på vegner av Vestland fylkeskommune, som er ein av fire eigarar. Dei andre tre er Bergen kommune, BIT Teatergarasjen og Carte Blanche

    Vis profilen til Jacob Nødseth, grafisk

    Advokat og hovedutvalgsleder for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune. Attorney at law and leader of the Culture Committe in Vestland County Council, Norway.

    Endelig er Sentralbadet AS stiftet! Sammen med kulturbyråden i Bergen kommune og styrelederne i Carte Blanche og BIT Teatergarasjen signerte jeg i dag stiftelsesprotokollen på vegne av Vestland fylkeskommune. I 2026 får Bergen og Vestland et nytt flott kulturbygg der særlig disse to viktige scenekunstinstitusjonene får sin rettmessige plass. Det er bare å glede seg! Bergen kommune | Vestland fylkeskommune | BIT Teatergarasjen | Reidar Digranes

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,045 følgere

    Gratulerer Vossabia AS med Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 🐝 🏆 Renate Lunde driv og eig garden på Bulken ved Voss. Garden og ressursane der er sjølve kjernen i Vossabia. Med hud- og hårpleieprodukt, omvisingar, utstrekt formidlingsaktivitet med føredrag, kurs og opplevingar på garden, jobbar Lunde med å auke bevisstheita om ressursar som finst på ein gard og naturen rundt 🐝☘️ Vossabia nyttar lokale, økologiske råvarer som honning, bivoks og ville urter i hudpleieprodukta sine som sikrar høg kvalitet og berekraft. Ved å lage verksame produkt av det andre bønder kallar ugras, har Vossabia blitt ein pioner innan naturleg kosmetikk 🐝 – Hovudmålet i temaplan landbruk er at Vestland skal vere eit nyskapande landbruksfylke, basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Vinnaren er i høgste grad både innovativ og nyskapande, og såleis heilt i tråd med målet i temaplanen. Ho brukar også naturressursane på ein berekraftig måte til å utvikle næring, og det er mi store ære å gratulere Renate Lunde med ei svært vellykka og allsidig satsing på gardsbedrifta Vossabia. Eg ønsker deg og laget ditt lykke til i den vidare utviklinga av den framgangsrike bedrifta di, sa fylkesordførar Jon Askeland. Bedriftsutviklingsprisen i landbruket blir delt ut av Innovasjon Norge på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i ressursane i landbruket eller i bygda. Kandidatane vert vurdert etter kriteria berekraft og innovasjon/nyskaping i landbruket. Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner. Les meir 🐝 👇 https://lnkd.in/dEv7Xsk6

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,045 følgere

    Vi har motteke Arbeidsmiljøprisen 2024 for arbeidet med å halvere sjukefråværet blant våre dyktige reinhaldarar 🎉😊 Prisen vart delt ut under Arbeidsmiljøkonferansen i Vestland sist veke. Vi mottok prisen for nærværsprosjektet «Tett på», der ein i to år har jobba aktivt med å redusere sjukefråværet hos dei nær 300 reinhaldarane i fylkeskommunen. Prosjektet definerte fleire delmål, blant anna: ✅Medarbeider som står i fare for å bli sjukemeld får tett og god oppfølging ✅Medarbeider får naudsynte hjelpemiddel og rettleiing for å førebyggje yrkesrelaterte skader ✅Gjennomføre aktivitetar med sikte på å betre arbeidsmiljøet og styrkje «vi-følelsen» blant medarbeidarane ✅Kompetansepåfyll ✅Reinhaldarane har ei aktiv rolle i samarbeid med skuleleiinga Og det beste av alt? Halveringa av sjukefråværet ser ut til å vere varig ❤️ Les meir om "Tett på": https://lnkd.in/d7Cwsztn

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,045 følgere

    WindEnergy Hamburg 2024, som går føre seg 24.–27. september, er ein av dei største og viktigaste samlingsplassane for vindkraft i verda. Vestlandet si lange erfaring frå sjøfart og mange år med offshore-arbeid gjer oss sterke i havvindnæringa, spesielt når det kjem til flytande havvind. Denne solide kompetansen gjer at vi kan gjennomføre store og krevjande havvindprosjekt, og Noreg har ei komplett verdikjede for leverandørar til havvindindustrien. Fylkesordførar Jon Askeland har i dag møtt vestlandsverksemder på messeområdet og deltatt på eit program i regi av fylkeskommunen, næringsklynga GCE Ocean Technology og Innovasjon Norge.   – Som fylkesordførar i fylket som produserer mest fornybar energi i Noreg, er det viktig å ha god oversikt over vindenergibransjen. Denne vil vere avgjerande for at Vestland skal nå måla i fornybar energiplanen. Vestland sitt fortrinn, med kunnskapen frå olje- og gasserviceindustrien, viser seg også her, seier Askeland.  

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,045 følgere

    Velkomen til plankonferansen 2024 for Vestland! 📅 5. og 6. november 📌 Bergen: Radisson Blu Royal Hotel 🌿 Tema: Omstilling til berekraft – planlegging for grøn næringsutvikling Vi set søkjelys på planlegging for grøn næringsutvikling, handlingsrommet til kommunane og politikarrolla.   Dei internasjonale forpliktingane vi har gjennom klima- og naturavtalen legg ramma for alt dette. Aksel Mjøs frå Naturrisikoutvalet opnar diskusjonen om korleis kan vi tenkje annleis om samspelet med naturen, både i planlegging og i næringar.       I tillegg kan du ta eit djupdykk gjennom dei tre parallelsesjonane:                  ✅ Masseforvaltning  ✅ Rolla til kommunen i planlegging for næringsutvikling  ✅ Har vi ein plan for næring?    Meld deg på her 👇 https://lnkd.in/dRk_8ta9 🔔 Påmeldingsfristen er 7. oktober. 

    Dette innholdet er ikke tilgjengelig her

    Få tilgang til dette innholdet og mer i LinkedIn-appen

Tilsvarende sider