Zeami Motokiyo
Zeami Motokiyo | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 1363 Iga-provinsen |
Død |
1. september 1443 (79 år) |
Yrke | skodespelar, skodespelforfattar, filosof, skribent, teaterskodespelar, impresario, komponist, estetiker |
Far | Kanami |
Born | Motomasa Jūrō, iníon Zeami Motokiyo |
Zeami Motokiyo på Commons |
Zeami Motokiyo (ca. 1363–ca. 1443), òg kalla Kanze Motokiyo, var ein japansk estetikar, skodespelar og dramatikar.
Zeami lærte skodespelaryrket av faren Kanami, og vidarutvikla sarugaku-stykka hans til dramaforma no.[1] Då shogun Ashikaga Yoshimitsu fekk sjå dei opptre i 1374, avgjorde han at Zeami skulle få ei kunstutdanning ved hoffet, og utvikla eit nært forhold til guten. Han blei ein viktig mesén for teatertroppen som Zeami tok over etter faren i 1384, og byrja ein femhundre år lang tradisjon for at shogunen støtta no-teateret.[2]
Ein reknar med at Zeami skreiv over 50 skodespel. Blant dei var Izutsu, Hagoromo, Koi no omoni og Takasago. Stykka tek for seg krig, kjærleik, kunst, lidenskap og frelse, og har lyrisk tekst som utøvarane syng og dansar til.[1]
I tillegg til virket som skodespelar og dramatikar, og dei teoretiske verka Fūshi kaden òg kalla Kadensho, skreiv Zeami òg praktiske instruksjonar for skodespelarar og etablerte no-teateret som ei seriøs kunstform. Bøkene hans er òg fulle av estetiske standardar basert på den spirituelle kulturen i Japan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Zeami» (på engelsk). Oxford University Press. 1. januar 2010. ISBN 978-0-19-957419-3. doi:10.1093/acref/9780199574193.001.0001/acref-9780199574193-e-4325.
- ↑ Louis Crompton (2003). Homosexuality and Civilization. Harvard University Press. s. 424.
- Denne artikkelen bygger på «Zeami Motokiyo» frå Wikipedia på bokmål, den 15. august 2020.