You Make Loving Fun
You Make Loving Fun Singel av Fleetwood Mac frå albumet Rumours | ||
B-side |
«Gold Dust Woman» (USA) eller «Never Going Back Again» (UK) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1977 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:36 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Komponist | Christine McVie | |
Tekstforfattar | Christine McVie | |
Låtskrivar(ar) | Christine McVie | |
Produsent | Fleetwood Mac, Richard Dashut, Ken Caillat | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«Dreams» (1977 UK) «Don't Stop» (1977 USA) |
You Make Loving Fun | «Tusk» (1979)
|
«You Make Loving Fun» er ein song skriven og sungen av Christine McVie frå det britisk-amerikanske bandet Fleetwood Mac. Han vart gjeven ut som den fjerde og siste singelen frå albumet Rumours i 1977. Som dei tre første singlane frå Rumours gjekk han inn på Topp 10 i USA med ein niandeplass på Billboard Pop Singles Chart.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Songen var inspirert av eit kjærleiksforhold McVie hadde med Curry Grant.[1] «For å unngå krangling», fortalte ho den dåverande ektemannen John McVie at songen handla om songen hennar. Han fann seinare ut kva songen verkeleg handla om.[2]
Ei tidleg utgåve av songen vart i følgje McVie spelt inn utan Lindsey Buckingham, som gjorde at ho fekk fridom til «å byggje songen på eiga hand». Buckingham spelte rytmegitar (gjennom ein Leslie) medan McVie spelte Fender Rhodes, Nicks spelte tamburin. Bassen til John McVie vart spelt inn på ny seinare og Mick Fleetwood og Christine McVie la oppå Hohner Clavinet.[2] I eit intervju med New York Post sa ho at ho hadde ønskt at dette vart den tredje singelen deira i USA frå albumet, men i staden valde dei ut «Don't Stop», som var medverkande til dei store salstala til albumet i USA og Storbritannia.[1]
«You Make Loving Fun» vart spelt på konsertane til Fleetwood Mac i mange år, og på alle turneane då Christine McVie var med frå 1976 til 1997, eit år før ho slutta i bandet. Songen vart spelt på nytt att i 2014-2015 då McVie kom attende til bandet.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Christine McVie – elektrisk piano, clavinet, solovokal
- Mick Fleetwood – trommer, perkusjon, clavinet-pedal
- John McVie – bassgitar
- Lindsey Buckingham – gitarar, tom-tommar, korvokal
- Stevie Nicks – korvokal, tamburin
Songen vart òg spelt inn av Cyndi Lauper i 1977.[treng kjelde]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «You Make Loving Fun» frå Wikipedia på engelsk, den 4. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Furman, Leah (2003). Rumours Exposed: The Unauthorized Biography of Fleetwood Mac. Kensington. s. 105–106, 133–34. ISBN 9780806524726.
- ↑ 2,0 2,1 Caillat, Ken; Stiefel, Steve (2012). Making Rumours: The Inside Story of the Classic Fleetwood Mac Album. John Wiley & Sons. s. 101, 106–110, 195. ISBN 9781118282366.