William Heinesen
Utsjånad
William Heinesen | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 15. januar 1900 Tórshavn |
Død | |
Yrke | lyrikar, kunstmålar, omsetjar, komponist, skribent, manusforfattar |
Språk | dansk, færøysk |
Nettstad | http://www.abc-literature.dk/ |
William Heinesen på Commons |
Andreas William Heinesen, kjend som William Heinesen (15. januar 1900–12. mars 1991) var ein færøysk forfattar, komponist og biletkunstnar. Heinesen var fødd og døydde i Tórshavn.
Heinesen vert helden for å vere den viktigaste færøyske forfattaren og blant dei viktigaste danskspråklege forfattarane i si tid. Heinesen skreiv på dansk, slik venen og syskenbarnet hans, Jørgen-Franz Jacobsen også gjorde. Forfattardebuten kom med diktsamlinga Arktiske elegier i 1921, men det er som romanforfattar han er mest kjend. Romanen Den sorte Gryde vart eit gjennombrot for han. Han fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1965 for romanen Det gode håb frå 1964.
Bøkene hans er omsette til ei rekkje språk.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1951: Selskabet for de skiønne og nyttige Videnskabers Pris for romanen De fortabte spillemænd
- 1965: Holberg-Medaillen
- 1965: Nordisk Råds Litteraturpris for romanen Det gode håb
- 1968: Emil Aarestrup Medaillen
- 1980: Den danske Kritikarprisen for novellesamlinga Her skal danses
- 1984: Gelsted-Kirk-Scherfig-Prisen
- 1984: Karen Blixen Medaljen
- 1987: Svenska Akademiens Nordiska Pris
- 1988: Sonning-prisen
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Diktsamlingar
[endre | endre wikiteksten]- 1921: Arktiske Elegier og andre Digte
- 1924: Høbjergningen ved Havet
- 1927: Sange mod Vaardybet
- 1930: Stjernerne vaagner
- 1936: Den dunkle Sol
- 1955: Digte i udvalg
- 1961: Hymne og harmsang
- 1972: Panorama med regnbue
- 1983: Vinterdrøm. Digte i udvalg 1920-30
- 1984: Samlede digte
- 1990: Digte
Novellesamlingar
[endre | endre wikiteksten]- 1957: Det fortryllede lys
- 1960: Gamaliels besættelse
- 1967: Kur mod onde ånder
- 1970: Don Juan fra Tranhuset
- 1973: Fortællinger fra Thorshavn
- 1975: Grylen og andre noveller
- 1980: Her skal danses
- 1985: Laterna magica
Romanar
[endre | endre wikiteksten]- 1934: Blæsende Gry
- 1938: Noatun
- 1949: Den sorte gryde
- 1950: De fortabte spillemænd
- 1952: Moder Syvstjerne
- 1964: Det gode håb
- 1976: Tårnet ved verdens ende
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Færøyane kunstmuseum Arkivert 2007-03-11 ved Wayback Machine.
- Om biletkunstnaren Heinesen hjå Faroeartstamps.fo Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Dansk Litteraturhistorisk Bibliografi Arkivert 2007-02-05 ved Wayback Machine.