Hopp til innhald

Will Claye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Will Claye


Statsborgarskap USA, Sierra Leone
Fødd 13. juni 1991 (33 år)
Phoenix
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2012 – Lengdehopp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Tresteg herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tresteg menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tresteg menn

Will Claye (fødd 13. juni 1991) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd i Phoenix i Arizona. Han har tevla i lengdehopp og tresteghopp.

Claye vart tredjemann i tresteghopp og niandemann i lengde ved verdsmeisterskapen i 2011. I 2012 vann han trestegtevlinga ved hall-VM i Istanbul, medan han under Sommar-OL i London sikra seg bronsen i lengdehopp og deretter sølvmedaljen i tresteghopp. Sidan vart Claye i tresteghopp nummer tre i VM 2013 og nummer to både i OL 2016 og VM 2017. Alle tre gongane han sikra seg sølvmedalje i tresteg, var det landsmannen Christian Taylor som fór avgarde med gullmedaljen. Sjølv vann Claye i byrjinga av mars 2018 trestegtevlinga i hall-VM for andre gong, ei tevling som fann stad i Birmingham i Storbritannia.

Den 29. juni 2019 forbetra Claye i Long Beach den personlege rekorden i tresteghopp til 18,14 meter, einast Christian Taylor og verdsrekordhaldar Jonathan Edwards hadde då hoppa lengre. Same hausten vart Claye nummer 2 i tresteg-tevlinga ved verdsmeisterskapen i Doha, atter måtte han sjå seg slått av landsmannen Taylor.

Clayes personbeste i lengdehopp på 8,29 meter er frå 2011-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]