Hopp til innhald

Waverlybreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Waverlybreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 74°1′S 61°38′W / 74.017°S 61.633°W / -74.017; -61.633
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Waverlybreen
74°01′00″S 61°38′00″W / 74.0167°S 61.6333°W / -74.0167; -61.6333
Waverlybreen is located in Antarktis
Waverlybreen (Antarktis)

Waverlybreen er ein smal isbre som flyt langs sørsida av Mount Tricorn og ut i Wrightfjorden, på austkysten av Palmer Land. Denne breen vart fotografert frå lufta av medlemmar av U.S. Antarctic Service (USAS) i desember 1940, og av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) under Finn Rønne i 1947. Han vart namngjeven av Rønne etter Waverly i New York, heimstaden til Kasco Mills. Marc Ivy og Edwin Knapp, som var tilsette i Kasco Mills, gav tjue tonn hundemat til ekspedisjonen til Rønne.

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Waverly Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).