War Song
War Song Singel av Neil Young, Graham Nash | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. juni 1972 | |
Innspelt | 22. mai 1972 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:35 | |
Selskap | Reprise | |
Låtskrivar(ar) | Neil Young | |
Produsent | Elliot Mazer, Tim Mulligan, L.A. Johnson & Neil Young | |
Neil Young-kronologi | ||
«Heart of Gold» | War Song | «Time Fades Away»
|
«War Song» er ein song frå 1972 skriven av Neil Young. Songen vart spelt inn av Neil Young & Graham Nash, i lag med The Stray Gators og gjeven ut som singel. Singelen vart gjeven ut til støtte for presidentkampanjen til George McGovern, som kjempa mot dåverande president Richard Nixon. Young hadde alt sagt kva han meinte om Nixon nokre år tidlegare med songen «Ohio» då han var medlem av Crosby, Stills, Nash & Young og igjen prøvde han å gjere innverknad med ein protestsong. Singelen gjorde det derimot dårleg.
Singelen gjekk raskt ut av opplag. Warner Brothers gav ut songen på «Loss Leader»-serien deira i 1974. Etter dette vart ikkje «War Song» tilgjengeleg igjen før juni 2009, då han vart gjeven ut på Neil Young sin The Archives Vol. 1 1963–1972.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «War Song» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2010.