Walney Channel
Walney Channel er eit smalt område med grunt tidvatn i Irskesjøen mellom øya Walney Island og Barrow-in-Furness på det britiske fastlandet. Han dannar fronten på Furnesshalvøya. Kanalen er om lag 15 km lang.[1]
Den sentrale delen av kanalen vert tørrlagd ved fjøre sjø, og det går ein gangveg over kanelen her.[2] Walney Bridge, opna i 1908, går over den sentrale delen av sundet. Dette området vart utvikla på 1800-talet då Barrow skipsverft voks fram. Det var då, og framleis er, naudsynt og mudre opp den sørlege delen av kanalen.[3]
Den sørlege delen av kanalen munnar ut i Morecambe Bay mot Rampside og Roa Island. I kanalen ligg Piel Island og Sheep Island, sistnemnde er dominert av Piel Castle. Området mellom desse to øyane vert tørrlagt ved fjøre sjø.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Landmarine.com, arkivert frå originalen 13. juli 2011, henta 11. januar 2010
- ↑ WALNEY ISLAND CHANNEL Arkivert 2008-10-22 ved Wayback Machine. Walneyisland.com;
- ↑ Dredger returns to Walney Channel DredgingNews; 07-05-09;
- Denne artikkelen bygger på «Walney Channel» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2010.