Hopp til innhald

Vy Tåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vy Tåg

Org.formAktiebolag
Svensk orgnr.556564-9976
BransjeJarnbane
Skipa1999
MorselskapVy
HovudkontorGävle
LandSverige
Nettstadhttps://www.vy.se/ (svensk)

Vy Tåg AB, tidlegare Svenska Tågkompaniet AB (mest kjend som Tågkompaniet eller TKAB), er eit svensk føretak som køyrer tog i Stockholm og Nord-Sverige. Føretaket vart stifta i 1999 av tre tidlegare tilsette i Statens Järnvägar og eit investorfirma. I 2005 kjøpte Noregs Statsbaner 34 % av aksjane i Tågkompaniet, og ved slutten av 2006 eigde NSB 85 % av aksjane.

Eit El 16 elektrisk lokomotiv frå Tågkompaniet, tidlegare nytta i Noreg av NSB.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vy Tåg