Vulkanar på Island
Island har særs mange aktive vulkanar på grunn av unike geologiske forhold. Øya har om lag 130 vulkanske fjell, der 18 har hatt utbrot sidan busetjinga av Island. Sjølv om Lakiutbrotet i 1783 var det største utbrotet dei siste 500 åra var utbrotet til Eldgjá i 934 og tidlegare i holoceneperioden enno større.
Geologar forklarar den høge vulkanske aktiviteten som ein kombinasjon av at Island ligg over Den midtatlantiske ryggen og at det ligg eit særs aktivt vulkansk område under øya. Øya ligg over grensa mellom den eurasiatiske og den nordamerikanske plata, og det meste av vulkanaktiviteten pågår langs grensene mellom jordskorpeplatene, som går frå sørvest til nordaust på øya. Noko vulkansk aktivitet finn ein òg i havet utanfor Island, særleg på sørkysten. Dette inkluderer både undersjøiske vulkanar og vulkanar som den heilt nye vulkanøya Jólnir.
Kjende vulkanar
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste vulkanane på Island er: I sørvest: Hekla, Mýrdalsjökull med Katla, Eldgjá og Laki, i tillegg til Öræfajökull, Snæfellsjökull.
I nord og i indre område: : isbreen Vatnajökull med Bárðarbunga, Grímsvötn og Kverkfjöll, Krafla, Askja og Herðubreið.
Utanfor sørkysten i øygruppa Vestmannaeyjar ligg den nyleg aktive Surtsey, og Eldfell på Heimaey. mini|Haukadalur
Ein har òg fleire område med geotermisk aktivitet, slik som vulkanen Hengill med Hveragerði, Haukadalur med den kjende Geysiren, og Hveravellir.
Det er fleire forskjellige typar vulkanar på Island. Den mest kjende type er stratovulkanar som er spreidd over store område og som oftast er ein del av ei fjellkjede.
Liste over vulkanar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete av Grimsvotn-ubrotet i 2004 Arkivert 2005-11-01 ved Wayback Machine.