Hopp til innhald

Visdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudinna for visdom, eller den personleggjorte visdommen: Sophia (gresk «Σοφία»). Ved Celsus-biblioteket i Efesos i Tyrkia.

Visdom eller klokskap er det å vita noko og ha evna til å nytta denne kunnskapen. Det kan definerast som kunnskap oppnådd av eiga erfaring og dermed å kunna dømma kva som er rett handling i ein gitt situasjon.[1][2][3] Visdom kan òg definerast på mange andre måtar og sett i samanheng med fleire forskjellige ting, t.d. moral, innsikt, forståing, medkjensle og høg levealder, og er rekna som ein sjeldan, positiv, personleg eigenskap, eller som ein dyd i fleire trusretningar. Intelligens, kjensler og spiritualitet har òg likskapar med visdom, men er ikkje det same. Til dømes er det mogleg å ha intelligens og derfor forstå kva noko er, men likevel mangla praktisk erfaring til å vita kvifor det er sånn. Likevel er det ikkje slått fast ein bestemd definisjon om nøyaktig kva det betyr å vera vis, ved hjelp av vitskaplege studiar.[4]

Arthur Schopenhauer sa at det er betre å forklara kompliserte ting enkelt, enn enkle ting kompliserte.[5] På same måte brukar ein gjerne likningar, med kvardagslege ting og ord som forklarer noko ein ikkje kan forstå ved kunnskap, men som ein likevel forstår, hjå figurar som Jesus og Buddha og andre religiøse skikkelsar, filosofar, munkar osb.

  1. Meriam-Webster Dictionary: http://www.merriam-webster.com/dictionary/wisdom
  2. Cambridge Dictionaries Online: http://dictionary.cambridge.org/dictionary/british/wisdom
  3. Oxford Dictionaries: http://oxforddictionaries.com/definition/english/wisdom Arkivert 2. oktober 2013 på Wayback Machine.
  4. Medical News Today: http://www.medicalnewstoday.com/articles/188170.php
  5. Fredriksson, Gunnar. Schopenhauer. Forlaget Oktober. ISBN 82-7094-794-6.