Hopp til innhald

Vimmerby

Koordinatar: 57°40′00″N 15°51′00″E / 57.66667°N 15.85000°E / 57.66667; 15.85000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

57°40′00″N 15°51′00″E / 57.66667°N 15.85000°E / 57.66667; 15.85000

Heimen til Astrid Lindgren i Vimmerby

Vimmerby er ein svensk tettstad og administrasjonssenter i Vimmerby kommun i Kalmar län i landskapet Småland. I 2005 hadde byen 7 827 innbyggjarar.

Det er usikkert når Vimmerby fekk bystatus første gong. Byen blei i 1192 brend ned av danskane. Byen blei av Gustav Vasa fråteke bystatusen og handelsretten sin. Dei fekk tilbake desse rettane av Karl IX. Byen brann ned 1683 og i 1821 men blei begge gongane bygd opp att.

Forfattaren Astrid Lindgren er fødd i Vimmerby, og ein fornøyelsespark, Astrid Lindgrens Värld, med miljø frå bøkene hennar finst i byen. I parken finst òg dei sentrale delane av byen frå første halvdelen av 1900-talet i miniatyr.

Folk frå Vimmerby

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]