Hopp til innhald

Villa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om bustaden. For øya i Trøndelag, sjå øya Villa.
Villa Barbaro i Maser i Veneto, utforma under renessansen av Andrea Palladio.

Villa (frå italiensk av latin) er eit stort, frittståande bustadhus med hage der det typisk bur éin familie.

Opphavleg viste villa til ein landstad med større hageanlegg for romarar. Keisar Hadrian hadde til dømes ein kjempevilla ved Tivoli, medan Villa del Casale er blitt kjend for ettertida for sine framifrå mosaikkar. Villabygging blei teke opp att i Italia under renessansen, og meisterlege hus og hagar som Villa d'Este i Tivoli og Villa Aldobrandini i Frascati blei bygde. Moderne bu- og reiseutvikling frå midten av 1800-talet med jernbane og seinare privatbilisme gav meir bustadbygging utanfor byane, og «villa» byrja tyda einebustad med hage.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Villa