Vilkitskijøya i Karahavet
Vilkitskijøya | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Areal | 153,9 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Vilkitskijøya i Karahavet 73°28′00″N 75°45′00″E / 73.466666666667°N 75.75°E | |||
Plasseringa av Vilkitskij- og Neupokojevaøya i Karaahavet
|
Vilkitskijøya (russisk Остров Вильки́цкого; Ostrov Vilkitskogo) er ei øy i Karahavet. Ho ligg 40 km nordaust for Sjokalskogoøya, utanfor Gydanhalvøya nord i Sibir i Russland. Øya er forblåst og dekt av tundra. Vilkitskijøya er halvmåneforma go er delt i to av eit smalt sund. Ho er 42 km lang, men berre 12 km på det breiaste.
Havet omkring øya er dekt av pakkis om vinteren og det er mykje isflak sjølv om sommaren. Det er eit grunt område mellom Vilkitskijøya og naboøya i sør, Neupokojevaøya (Остров Неупокоева).
Vilkitskijøya høyrer til Tjumen oblast og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.
Øya må ikkje forvekslast med dei vesle Vilkitskijøyane, som i dag stort sett vert kalla Dzjekmanøyane på dei fleste kart og som er ein del av Nordenskiöldøyane, Vilkitskijøyaane i Laptevhavet utanfor austkysten av Tajmyrhalvøya, og Vilkitskijøya i Aust-Sibir-havet.
Alle desse øyane er kalla opp etter den russiske hydrografen Andrej Vilkitskij.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «en:Vilkitsky Island (Kara Sea)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Naturreservat Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
- Istilhøve
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: