Vilho Väisälä
Utsjånad
Vilho Väisälä | |||
| |||
Fødd | Vilho Väisälä 28. september 1889 Kontiolax, Utra | ||
---|---|---|---|
Død | 12. august 1969 Helsingfors | ||
Nasjonalitet | Finland | ||
Område | meteorologi, fysikk | ||
Yrke | fysikar, esperantist, meteorolog, universitetslærar, forretningsdrivande | ||
Institusjonar | Helsingfors universitet | ||
Alma mater | Helsingfors universitet | ||
Doktorgradsrettleiar | Ernst Leonard Lindelöf |
Vilho Väisälä (28. september 1889–12. august 1969) var ein finsk meteorolog og professor i Helsingfors. Han utførte eit banebrytande arbeid med konstruksjon av radiosondar. Han var i mange år sjef for firmaet Vaisala Oy, som sidan byrjinga av 1950-åra har forsynt store delar av verda, mellom anna Skandinavia, med radiosondar, seinare òg andre typar avansert meteorologisk utstyr, som automatiske radiosonde- og vêrstasjonar.
Gjennom arbeidet sitt med radiosondar forska han på oppdrift lufta og oppdaga Brunt-Väisälä-frekvensen. Den walisiske meteorologen David Brunt oppdaga denne svinginga uavhengig av Väisälä, og han er kalla opp etter begge.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Vilho_Väisälä» i Store norske leksikon, snl.no.