Vigleik Eide
Vigleik Eide | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. desember 1933 Fana |
Død |
30. oktober 2011 (77 år) |
Yrke | diplomat, offiser |
Vigleik Eide på Commons |
Vigleik Eide (4. desember 1933–30. oktober 2011) var ein norsk general frå Fana i Hordaland. Han var forsvarssjef frå august 1987 til september 1989.
Eide vart uteksaminert frå Krigsskulen i 1957. Frå 1980 var han oberst i det norske Forsvaret. År 1985-86 var han genaralmajor ved Distriktskommando Vestlandet, og 1986-87 generalløytnant og sjef for dei militære styrkane i Nord-Noreg. Deretter var han i vel to år forsvarsjef i Noreg. Hausten 1989 tok han over leiinga i NATO sin militærkomité, ein posisjon han hadde til januar 1993.
Etter han vart dimittert, hadde Eide fleire utanlandsoppdrag som gjaldt konfliktløysing. I 1994 sende Utanriksdepartementet han til Guatemala då Noreg var engasjert i fredsarbeid i landet. Året etter leidde han ei ekspertgruppe som arbeidde med nedrustningsspørsmål på Balkan.
Frå 1998 var Eide Noregs ambassadør i Damaskus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vigleik Eide» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2016.