Vierordenen
Vierordenen | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vierordenen Malpighiales Bercht. & J.Presl, 1820 |
Vierordenen (Malpighiales) er ein orden av blomstrande plantar. Han inngår i gruppa Eurosidae I i den omfattande gruppa Rosidae.
Både namnet og omfanget av familiar og slekter som høyrer til gruppa er noko usikkert. Under Cronquist-systemet 1981–1998 fanst det også ein eigen orden Rafflesiales med tre familiar, Hydnoraceae, Mitrastemonaceae og Rafflesiaceae, der sistnemnde no høyrer til i Malpighiales medan dei to første er plassert i lyngordenen (Ericales).
Ordenen er rekna for å ha rundt 39 familier med i alt 716 slekter og nesten 16 000 artar. Av desse har vortemjølkfamilien om lag 6 000 artar.
Medlemmer i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Fleire av arteae i ordenen er representert i norsk og nordisk flora. Dei familiane og slektene som er representert, omfatter:
- Evjeblomfamilien (Elatinaceae)
- Evjeblomslekta (Elatine)
- Fiolfamilien (Violaceae)
- Fiolslekta (Viola)
- Perikumfamilien (Clusiaceae, Hypericaceae)
- Perikumslekta (Hypericum)
- Linfamilien (Linaceae)
- Linslekta (Linum)
- Pilefamilien eller vierfamilien (Salicaceae)
- Poppelslekta (Populus)
- Vierslekta (Salix)
- Vortemjølkfamilien (Euphorbiaceae)
- Vortemjølkslekta (Euphorbia)
Familiar, slekter og artstal
[endre | endre wikiteksten]Nedanfor er dei 39 familiene i ordenen lista opp. Familiar som ikkje er representert i Nordisk flora står i kursiv skrift.
- Achariaceae – 30 slekter, 145 artar
- Balanopaceae – 1 slekter, 12 artar
- Bonnetiaceae – 3 slekter, 35 artar
- Caryocaraceae – 2 slekter, 21 artar
- Centroplacaceae – 1 slekt, 1 art
- Chrysobalanaceae – 17 slekter, 460 artar
- perikumfamilien (Clusiaceae, Hypericaceae) – 40 slekter, 1 050 artar
- Ctenolophonaceae – 1 slekter, 3 artar
- Dichapetalaceae – 3 slekter, 165 artar
- Euphroniaceae – 1 slekt, 2 artar
- evjeblomfamilien (Elatinaceae) – 2 slekter, 35 artar
- fiolfamilien (Violaceae) – 20 slekter, 800 artar
- Goupiaceae – 1 slekt, 2 artar
- Humiriaceae – 8 slekter, 50 artar
- Hypericaceae = syn. Clusiaceae
- Irvingiaceae – 3 slekter, 10 artar
- Ixonanthaceae – 5 slekter, 21 artar
- kokafamilien – 4 slekter, 240 artar
- Lacistemataceae – 2 slekter, 14 artar
- linfamilien (Linaceae) – 10-12 slekter, 300 artar
- Lophopyxidaceae – 1 slekt, 2 artar
- Malpighiaceae – 68 slekter, 1.250 artar
- Malesherbiaceae – 1 slekt, 24 artar
- Medusagynaceae – 1 slekt, 1 art
- Ochnaceae – 27 slekter, 495 artar
- Pandaceae – 3 slekter, 15 artar
- pasjonsblomefamilien (Passifloraceae) – 16 slekter, 705 artar
- Phyllanthaceae – 59 slekter, 1.745 artar
- Picrodendraceae – 28 slekter, 100 artar
- pilefamilien eller vierfamilien (Salicaceae – 55 slekter, 1 010 artar
- Podostemaceae – 48 slekter, 270 artar
- Putranjivaceae – 3 slekter, 210 artar
- Quiinaceae – 4 slekter, 55 artar
- Rafflesiaceae – 3 slekter, 20 artar
- Rhizophoraceae – 16 slekter, 149 artar
- Trigoniaceae – 5 slekter, 28 artar
- Turneraceae – 10 slekter, 205 artar
- vortemjølkfamilien (Euphorbiaceae) – 240 slekter, 6 000 artar
Tidlegare blei familien Mitrastemonaceae også rekna med blant Malpighiales, men DNA-studiar har ført til at denne familien siden 2004 har vore plassert i ordenen Ericales.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Malpighiales» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juni 2017.