Via Nomentana
Via Nomentana er ein antikk romarveg. Han gjekk nordaustover frå Roma til Nomentum (i dag Mentana). Strekninga er 23 kilometer lang; det tilsvarer 14 romerske mil. Det låg fleire bruer på dette veggstrekket, den største av dei var Ponte Nomentano.
Vegen byrja opphavleg ved Porta Collina i den servianske bymuren. Det var keisar Aurelianus som på 200-talet e.Kr. fekk bygd Porta Nomentana i sin nye bymur, som seinare blei kalla den aurelianske muren. Pave Pius IV vedtok å flytta den første delen av vegstrekninga, og i samband med dette fekk han bygd Porta Pia.
Denne vegen blei aldri ei viktig ferdselsåre, og nokre kilometer forbi Nomentum gjekk Via Nomentum og Via Salaria saman til éin veg. I dag følgjer den moderne motorvegen same vegløp frå Roma til Nomentum (dagens Mentana), men på visse stadar kan ein framleis sjå restar av brusteinsoverlaget frå den antikke vegen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Via Nomentana heitte opphavleg Via Ficulnensis, etter landsbyen Ficulea som ligg 13 km utanfor Roma. Seinare blei han forlenga til Nomentum.
Vegen i dag
[endre | endre wikiteksten]Ved Via Nomentana i dag ligg kyrkjene Santa Costanza frå 300-talet, Sant'Agnese fuori le mura frå 700-talet, og fleire ruinar. Eit gjestehus for den tyske ordenen har også adresse her.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Gästehaus des Deutschen Ordens» (på tysk). Henta 24. juli 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Via Nomentana» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juli 2019.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Peter Connolly, Hazel Dodge: Die antike Stadt. Ein Leben in Athen & Rom. Könemann, Köln 1998, ISBN 3-8290-1104-0.
- Via Nomentana. I: Samuel Ball Platner, Thomas Ashby: A Topographical Dictionary of Ancient Rome. Oxford University Press, London 1929, s. 565 (online).