Hopp til innhald

Vetlefjorden

Koordinatar: 61°17′9″N 6°33′20″E / 61.28583°N 6.55556°E / 61.28583; 6.55556
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°17′9″N 6°33′20″E / 61.28583°N 6.55556°E / 61.28583; 6.55556

Vetlefjorden
fjord
Land  Noreg
Kart
Vetlefjorden
61°16′59″N 6°33′22″E / 61.28310194°N 6.55609111°E / 61.28310194; 6.55609111

Vetlefjorden er ein sidefjord til Fjærlandsfjorden på nordsida av Sognefjorden i Sogndal kommune.[1] Fjorden strekkjer seg 6 km rett nordover til grenda Ulvastad i bygda Vetlefjorden.

Fjorden har innløp mellom Kolven i sørvest og grenda Menes i nordaust. Like innanfor innløpet ligg grenda Farnes på vestsida og nord for Farnes går Sværafjorden nordaustover og inn til grenda Sværen. På vestsida av Sværafjorden ligg grenda Dale med hengedalen Dalsdalen. På nordsida av innløpet til Sværafjorden ligg grenda Torsnes. Fylkesveg 613 går langs heile vestsida av fjorden.

  1. Vetlefjorden på Norgeskart.no fra Statens kartverk