Vesuv
Vesuv | |||
vulkan | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Område | Ved Napoli | ||
Vulkantype | Stratovulkan | ||
Høgd | 1 281 moh. | ||
Siste utbrot | 1944 | ||
Koordinatar | 40°49′18″N 14°25′30″E / 40.82167°N 14.42500°E | ||
Vesuv 40°49′17″N 14°25′32″E / 40.821388888889°N 14.425555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Mount Vesuvius |
Vesuv (italiensk Monte Vesuvio, latin Mons Vesuvius) er ein vulkan aust for Napoli i Italia. Han er den einaste aktive vulkanen på det europeiske fastlandet, men har ikkje hatt nokon større utbrot sidan 1944. Dei to andre aktive vulkanane i Italia (Etna og Stromboli) ligg på øyar.
Vesuv ligg ved kysten av Napolibukta, om lag 9 km aust for Napoli. Han er godt synleg i landskapet rundt bukta. Vulkanen er best kjend for utbrotet sitt i år 79 e.Kr., som dekte byane Pompeii og Herculaneum. Han har hatt mange utbrot sidan den gong og vert i dag rekna som ein av dei farlegaste vulkanane i verda sidan 3 millionar menneske i dag lever nær vulkanen, som oftast har hatt eksplosive utbrot, ein av dei aller farlegaste typane vulkanutbrot. Av den grunn er Vesuv ein av seksten dekadevulkanar i verda, som er vulkanar som vert ekstra nøye overvaka på grunn av tidlegare store utbrot og plasseringa nær folkesette område.
Form og geologi
[endre | endre wikiteksten]Vesuv er ein del av den campianske vulkanbogen, som omfattar ei rekke vulkanar, utdøydde og aktive, i regionen Campania i det sørlege Italia.
Vesuv nasjonalpark måler 10 000 m² og er den minste i Italia. Han vart offisielt opna i 1995 for å verne om den historiske og kulturelle arva i området.
Utbrot
[endre | endre wikiteksten]Vulkanen var truleg ikkje aktiv i perioden 800 fvt. — år 79 evt. og skal ha vore 2 000 meter høg. «Fjellet» var i denne perioden dekt med vegetasjon.
I år 79 gjorde eit utbrot at husa og innbyggjarane i dei blomstrande byane Pompeii og Herculaneum vart gravlagt i oske og stein. Ei røyksky skal ha strekt seg 32 kilometer opp i vêret. Utbrotet er skildra av Plinius den yngre i to brev som er datert til år 108 og i nokre vers skrive av poeten Martial i år 88. Valdsame vulkanutbrot blir i dag kalla «plinianske utbrot», etter namn frå historikaren Plinius.
Eit anna utbrot fann stad i 512. Teoderik den store fritok folk i området for skatt etter dette utbrotet. Vulkanen hadde fleire utbrot seinare i mellomalderen.
Eit kraftig utbrot fann òg stad i 1631. I dette utbrotet omkom 3000 menneske.
Seinare utbrot som var særleg kraftige var dei i 1872 og 1906. Deretter følgde ein periode med vulkansk aktivitet innover på 1900-talet. Det siste større utbrotet til no hadde Vesuv 18. mars 1944, som var eit svært uheldig tidspunkt sidan landet var i krig.
Forskarar reknar det på ingen måte for utelukka at eit nytt kraftig utbrot kan finne stad og råke mange busetnadar i området rundt.[1]
Kultur
[endre | endre wikiteksten]I oldtida vart Vesuv sett på som eit fjell som tileigna Hercules.
Vulkanen er òg kjend som bustaden til Magica frå Tryll, ein Disney-figur som er kjend for å jakte på Skrue McDucks lykketiøring.