Vesleskarvet
Utsjånad
Vesleskarvet | |||
nunatak | |||
Vesleskarvet med forskingsstasjonen SANAE IV
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 72°40′S 02°50′W / 72.667°S 2.833°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Vesleskarvet 72°40′00″S 2°50′00″W / 72.666666666667°S 2.8333333333333°W | |||
Vesleskarvet er ein nunatak i Dronning Maud Land i Antarktis. Vestsida består av ei rekkje klipper, kring 250 meter høge, medan austsida heller gradvis ned til issletta. Den snøfrie og relativt flate toppen gjorde han ideell for å opprette den permanent sørafrikanske forskingsbasen SANAE IV.
Området vart kartlagt av norske kartografar basert på undersøkingar og flyfotografering gjort under Maudheimekspedisjonen 1949–1952 og flyfotografi tekne av den norske antarktisekspedisjonen 1956–60.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vesleskarvet» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juli 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Composite Gazetteer of Antarctica Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (SCAR). Katalognr. 15432