Venus in Furs av The Velvet Underground
Venus in Furs av The Velvet Underground frå albumet The Velvet Underground & Nico | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. mars 1967 | |
Innspelt | Mai 1966 | |
Studio | TTG i Hollywood i California | |
Sjanger | Drone rock[1] | |
Lengd | 5:12 | |
Selskap | Verve | |
Komponist | Lou Reed | |
Tekstforfattar | Lou Reed | |
Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
---|---|---|
Produsent | Andy Warhol |
«Venus in Furs» er ein song av The Velvet Underground, skriven av Lou Reed og opphavleg gjeven ut i 1967 på albumet The Velvet Underground & Nico. Songen var inspirert av boka med same namn av Leopold von Sacher-Masoch, og inneheld seksuelle tema som sadomasochisme, bondage og underkasting.
«Venus in Furs» vart òg gjeven ut på singel ved fleire høve, som i 1988 i Storbritannia og som ein konsertsingel i Frankrike og Storbritannia i høvesvis 1993 og 1994. Denne konsertversjonen kom ut i 1993 på konsertalbumet Live MCMXCIII.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]«Venus in Furs» var ein av tre songar som vart spelt inn på ny i mai 1966 i TTG Studios i Hollywood, før han kom ut på den endelege miksen av The Velvet Underground & Nico (dei to andre var «Heroin» og «I'm Waiting for the Man»). Arrangementet består av den kakofoniske bratsjen til John Cale og gitaren til Lou Reed stemt i D G C F A C. Gitaristen Sterling Morrison spelte bass på songen, men i følgje Cale, som var den vanlege bassisten i bandet, likte ikkje Morrison å spele på instrumentet.[2][3] Rytmen består av to basstrommer og ein tamburin, spelt langsamt av Maureen Tucker.
I essayet «Venus in Furs by the Velvet Underground» skriv Erich Kuersten: «Det er ingen intro eller oppbygging i songen. Sporet startar som om du opnar ei dør til ei dekadent S&M/opium-bule i Marrakesh, eit blaff av luftkondisjonerte Midtausten-vondskap med ein støyande rytme som er den manglande koplinga mellom «Bolero» og Led Zeppelin sin versjon av 'When the Levee Breaks'».[4]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Lou Reed – solovokal, sologitar, ostrichgitar
- John Cale – elektrisk bratsj
- Sterling Morrison – bass
- Maureen Tucker – tamburin, basstromme
Alternative versjonar
[endre | endre wikiteksten]Ludlow Street Loft, juli 1965
[endre | endre wikiteksten]Songen var ein av fleire tidlege songar som vart spelte inn av Lou Reed, John Cale og Sterling Morrison i loftsleilegheita si i Ludlow Street i juli 1965. Denne versjonen av songen har eit heilt anna arrangement enn det som kom ut på The Velvet Underground & Nico, og endar med det David Fricke kalla ein «naken, gammalengelsk sørgjesong» i platenotata for Peel Slowly and See. John Cale song solovokal på demoinnspelinga.
Scepter Studios, april 1966
[endre | endre wikiteksten]Eit alternativt opptak av songen vart først spelt inn i Scepter Studios i New York City før han vart spelt inn på ny i Hollywood. Dette opptaket av songen vert framført kjappare og teksten varierer noko.
Konsertopptak
[endre | endre wikiteksten]Konsertopptak av «Venus in Furs» kom ut på Bootleg Series Volume 1: The Quine Tapes (San Francisco, desember 1969) og på Live MCMXCIII (Paris, juni 1993).
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]«Venus in Furs» vert ofte rekna som ein av dei beste songane til bandet. I 2012 rangerte magasinet Paste songen på niandeplassen på lista si over dei 20 beste Velvet Underground-songane,[5] og i 2021 plasserte The Guardian songen på tredjeplassen på lista si over dei 30 beste Velvet Underground-songane.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Venus In Furs (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Segal, Dave. «He's Set Feee». The Stranger. Henta 13. juli 2020.
- ↑ {{cite web|last1=Hoffman|first1=Eric|title=Examinations: An Examination of John Cale|url=http://www.mentalcontagion.com/mcarchive/examinations/examinations0409.html|website=Mental[daud lenkje] Contagion|access-date=24. oktober 2014
- ↑ Tom Pinnock (18. september 2012). «John Cale on The Velvet Underground & Nico». Uncut. Arkivert frå originalen 29. desember 2014. Henta 23. mars 2022.
- ↑ Erich Kuersten. «Venus in Furs by the Velvet Underground». mcsweeneys.net. Henta 23. mars 2022.
- ↑ Stiernberg, Bonnie (11. november 2012). «The 20 Best Velvet Underground Songs». Paste. Henta 20. februar 2022.
- ↑ Petridis, Alexis (8. juli 2021). «The Velvet Underground’s greatest songs – ranked!». The Guardian. Henta 20. februar 2022.