Hopp til innhald

Venturi-effekten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit diagram over måleprinsippet. Trykket i punkt «1» er høgare enn i punkt «2», og tilhøvet mellom desse trykka er det same som tilhøvet mellom gjennomstrøyminga i høvesvis «2» og «1».

Venturi-effekten byggjer på Bernoulli-prinsippet, og dreiar seg om dette prinsippet brukt til å måla gjennomstrøyming i eit røyr. Ved å strupa ein bit av røyret, oppnår ein endringar i trykk og gjennomstrøyming, som gjer at ein kan finna ut kor stor gjennomstrøyminga er, ved å måla trykkdifferansen med ein differansetrykkmålar. Omgrepet er kalla opp etter den italienske fysikaren Giovanni Battista Venturi.