Hopp til innhald

Vegskrape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei gamal vegskrape.

Vegskrape er ein reiskap som vert nytta for å jamna grusvegar. Dei vert òg nytta for å fjerna is og snø frå vegar om vinteren får å gjera dei mindre sporete. Dei fyrste vegskrapene var laga av tre og vart dregne av ein hest. I dag vert vegskrapene dregne av traktorar. Tyngre skrapearbeid vert utført av sjølvgåande veghøvlar.