Hopp til innhald

Vegard Heggem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vegard Heggem

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juli 1975 (49 år)
Trondheim
Yrke fotballspelar, gründer
Høgd 179 centimeter

Vegard Heggem (fødd 13. juli 1975) er ein norsk fotballspelar frå Rennebu. Han har spela for mellom anna Rosenborg og Liverpool FC samt 20 kampar for landslaget. Han spela sine siste kampar i 2000-01 sesongen, og la opp som fotballspelar i 2003 grunna konstante problem med skadar.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Heggem spelte 20 landskampar for Noreg i tida frå 25. februar 1998 til 18. juni 2000. Han skåra sitt einaste landslagsmål då han like før slutt i debutkampen gav Noreg leiinga 3-2 mot Frankrike. Den franske midtstopparen Marcel Desailly utlikna til 3-3 for det franske mannskapet, som fem månader seinare vart verdsmeistrar. Heggem deltok i så vel Fotball-VM 1998 som Fotball-EM 2000.

  • Seriemeister: 1995, 1996, 1997 med Rosenborg BK
  • Noregsmeister: 1995 med Rosenborg BK
Klubb Ligakampar Ligamål Periode
Rennebu 20 4 1982-1991
Orkdal 68 26 1992-1994
Rosenborg BK 95 10 1995-1998
Liverpool 54 3 1998-2003