Vanleg hønsegras
Utsjånad
Hønsegras | |
Hønsegras | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Slireknefamilien Polygonaceae |
Underfamilie: | Polygonoideae |
Stamme: | Persicarieae |
Slekt: | Hønsegrassslekta Persicaria |
Art: | Hønsegras P. maculosa |
Vitskapleg namn | |
Persicaria maculosa |
Vanleg hønsegras (Persicaria maculosa, tidlegare Polygonum persicaria) er ei eittårig urt i syrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Hønsegras har til dels vore skilt ut som ei eiga slekt, Persicaria.
Planta vert kring 40 cm høg og har opprett snau stengel. Blada er snaue ovanpå, ofte med ein mørk flekk. Slirene har ein raud ring nedst og lange hår i kanten. Blomstrane er kvite eller bleikraude utan kjertelhår. Dei dannar ei trekanta eller flat nøtt. Hønsegras blømer kring juli månad i Noreg. Det er rekna som eit ugras som mest veks i åker. Vanleg hønsegras finst i Noreg nord til Alta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Ferskenpileurt» frå Wikipedia på dansk, den 12. oktober 2010.