Valliste
Vallister blir brukt til å organisere val. Ved poliske val stiller dei ulike politiske partia med kvar si liste over dei kandidatene dei ynskjer å få valt inn i dei lokale eller nasjonale demokratiske organ, f.eks. parlament, kommunestyre, fylkesting osv. Også andre grupper enn parti kan stille lister, med basis i enkeltkandidatar, som bygdelister og på anna geografisk grunnlag, og lister på grunnlag av enkeltsaker. Vallister blir brukt ved høvestalsval, når det skal veljast fleire kandidatar til det demokratiske organet.
Politiske parti stiller som regel med eigne lister. Men det hender også, oftast i lokalval, at fleire politiske parti går saman om ei felles liste, når dei er små og kan kome dårleg ut kvar for seg. Vallister er vanlege i representative demokrati.
Vallister blir også brukt ved andre høvestalsval, til dømes ved eit kommunestyre sitt val av formannskapsmedlemmar.