Vågsøy
Vågsøy | |
---|---|
Hendanes på Vågsøy. | |
Geografi | |
Stad | Nordfjord |
Koordinatar | 61°58′09″N 05°04′59″E / 61.96917°N 5.08306°E
|
Høgaste punkt | Veten (613 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Største busetnad | Måløy (3 291 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 3855 (2024)
|
Vågsøy er ei øy i Kinn kommune i Vestland. Øya utgjer grovt rekna halvparten av tidlegare Vågsøy kommune. Største tettstaden på øya er Måløy, søraust på øya, som fekk bystatus i 1997 (3 291 innbyggjarar, inkludert område på fastlandet). Andre tettstader er Raudeberg (559 innbyggjarar) og Holevik (301).
Det høgste punktet på øya er Veten, 613 meter over havet. Øya er skild frå fastlandet av Ulvesundet og er knytt til fastlandet med Måløybrua. Langs kysten av Vågsøy ligg Kråkenes fyr, Skongenes fyr og Hendanes fyr.
Fram til 1910 var øya del av Selje kommune. Frå 1910 til 1964 var ho delt mellom dei to kommunane Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy. Måløy var administrasjonssenter for Sør-Vågsøy, og Raudeberg for Nord-Vågsøy.
Folketalsutvikling (medrekna Måløyna):
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2024[3] |
---|---|---|---|
667 | 1861 | 4231 | 3855 |
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Refvik strand
-
Utsyn mot nord med Måløy på Vågsøy til venstre
-
Måløy
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1801 for Selje prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Selje herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå