Uvac
Uvac | |||
elv | |||
Land | Serbia, Bosnia-Hercegovina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 310 km² | ||
Lengd | 119 km | ||
Middelvassføring | 18 m³/s | ||
Kjelde | Pešter-platået i Ninaja | ||
Munning | Lim nord for Priboj | ||
Uvac 43°35′49″N 19°29′28″E / 43.597083°N 19.49118°E | |||
Wikimedia Commons: Uvac |
Uvac (serbisk kyrillisk Увац) er ei elv i sørvestlege delar av Serbia og Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina. Ho er 119 km lang og ei av dei største sideelvane til Lim. Før ho munnar ut i Lim utgjer dei siste 10 km grensa mellom Serbia og Bosnia-Hercegovina.
Uvac har sitt utspring på Pešter-platået i Ninajafjellet som Rasanska reka (Cyrillic: Расанска река). Ho møter Brnjička reka (kyrillisk Брњичка река), og går inn i Sjenica-senkinga og vidare frå her som Vapa (kyrillisk: Вапа). Elva tek så imot den korte elva Uvac, som har sitt utspring i fjellet Ozren, og frå her har elva namnet Uvac.
I regionen Stari Vlah er det bygd tre vasskraftverk på elva, og kvar av desse har ein stor kunstig innsjø (opp til 7,3 km²). I den nedre delen av elva renn ho mellom fjella Zlatar og Zlatibor og når så den bosniske grensa. Uvac munnar ut i Lim nord for byen Priboj.
Uvac har eit nedslagsfelt på 1 310 km², og er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet. Ved munningen har ho ei middelvassføring på 18 m³/s.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Mala Prosvetina Enciklopedija, 3. utg. (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Denne artikkelen bygger på «Uvac» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2007.