Hopp til innhald

Uttarakhand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Uttaranchal)
Uttarakhand
delstat
Symbol
Forkorting: IN-UL
Land  India
Hovudstad Dehradun
Areal 53 566 km²
Folketal 10 086 292 (2011)[1]
Grunnlagd 9. november 2000
Språk hindi og sanskrit
(garhwali og kumaoni er utbreidde, men har ikkje offisiell status)
Kart
Uttarakhand
30°30′40″N 78°57′14″E / 30.511187°N 78.954012°E / 30.511187; 78.954012
Kart som viser Uttarakhand.
Kart som viser Uttarakhand.
Kart som viser Uttarakhand.
Wikimedia Commons: Uttarakhand

Uttarakhand (fram til 2006 kalla Uttaranchal ) er ein delstat nord i India. Han grensar til Nepal i aust og Tibet i nord og dei indiske delstatane Himachal Pradesh i vest og Uttar Pradesh i sør. Området blei skilt ut frå Uttar Pradesh i 2000.[2]

Separatistrørsla i Uttarakhand hadde bakgrunn i motsetjingar mellom kastarrajputar og til ei viss grad brahminar dominerer dette området, medan lågare kastar hadde makta i Uttar Pradesh – og språk, der innbyggjarane i Uttarakhand hovudsakleg bruker garhwali og kumaoni, medan fleirtalsspråket i UP er hindi.

Uttarakhand er det tradisjonelle namnet for den indiske delen av Himalaya, og blei også brukt som namn på separatistrørlsa. Då delstaten blei skild ut frå Uttar Pradesh i november 2000 fekk han namnet Uttaranchal (sanskrit for 'nordfylke') i staden for Uttarakhand ('nordland') som separatistrørsla i området hadde kravd. I januar 2007 bytta delstaten namn til Uttarakhand.

Området har tilnamnet «Dev bhoomi» ('gudelandet') på grunn av dei mange hinduiske pilegrimsmåla som ligg her.

Utsyn mot Rishikesh over Ganga.
Foto: Roger roger

Delstaten ligg ved foten av Himalaya. Han har tre geografiske regionar: Høgfjellsområdet, høgplatået og slettelandet terai, det sistnemnde utgjer om lag 12 % av flatevidda. Dalane er tett busette, medan få bur i dei store fjellområda.

Høgfjellsområdet inneheld toppar som Nanda Devi, Kedarnath og Trishul, og isbrear som Gangotri og Pindari. Store elver i Uttarakhand er mellom anna Ganga og Jamuna.

Dei største byane er Dehradun (530 263 innb.) Haridwar (220 767), Haldwani (158 896) og Roorkee (115 278). Haridwar, Badurnath, Kedarnath og Rishikesh er viktige pilegrimsmål for hinduar, noko som også gjeld Gangotri og Yamunotri, kjeldene til Ganga og Jamuna. Valley of Flowers og Nanda Devi er nasjonalparkar og rekna som verdsarv av UNESCO.

Innbyggjarar

[endre | endre wikiteksten]

Delstaten har to offisielle språk, hindi, som blir tala i byane, og sanskrit, som den einaste delstaten i India.[3] På landsbygda blir det tala garhwali i Garhwal-området og kumaoni i Kumaon.

Dei fleste innbyggjarane er hinduar eller buddhistar. Etter sjølvstendet i 1947 flytta fleire sikhar hit frå Punjab, medan nokre muslimske grupper har flytta hit seinare.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Uttarakhand
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.