Undredal stavkyrkje
Undredal stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Aurland | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sogn | ||
Sokn | Undredal | ||
Fellesråd | Aurland | ||
Stad | Undredal | ||
Teknikk | stavverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | slutten av 1100-talet | ||
• Vigd til | St. Nikolas | ||
• Endringar | utvida mot vest, 1722. | ||
Preikestol | 1696 | ||
Døypefont | 1680 | ||
Sitjeplassar | 40 | ||
Undredal stavkyrkje 60°57′03″N 7°06′08″E / 60.950882°N 7.1023425°E | |||
Wikimedia Commons: Undredal stavkirke |
Undredal stavkyrkje er ei stavkyrkje i bygda Undredal i Aurland kommune i Vestland. Kyrkja vert ut frå stilhistorie og annan kunnskap datert til slutten av 1100-talet.[1]
Ho er den minste kyrkja i Skandinavia som framleis er i bruk, med berre 40 sitjeplassar. Skipet er knapt sju meter langt utvendig, kor og våpenhus kjem i tillegg med 4 og 2 meter.
Det er spor etter svalgang rundt kyrkjeskipet. Skipet er forlenga mot vest med klokketårn og eit våpenhus med saltak. Kyrkjekoret er nyare og i same breidd som skipet.
Inne i kyrkja heng den første kyrkjeklokka frå mellomalderen, men kyrkjeklokka er teken ut av bruk. I klokketårnet er det to nye klokker datert 1884 og 1996.
Veggane har den originale dekoren i limfarge frå 1600-talet, og i taket er det måla bibelfigurar og englar.
Inne i kyrkja er det mellom anna ein kneleskammel frå 1647, døypefat frå kring 1680, preikestol med datering 1696 og to lysestakar med skjold datert 1702.
Vestenden er i tømmer (laft) - tårnet var opphavleg ein frittståande stopul som vart bygd i hop med skipet etter reformasjonen.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja er første gong nemnt i skriftlege kjelder på 1320-talet, då som capellam beati Nicolai de Undradal.[3][4] I 1665 vert det nemnt svalgangar på kyrkja, som då måtte vølast.[3] I 1722 blei svalgangane kring kyrkja fjerna og dei første vindauga vart sette inn. Kyrkja vart dette året skildra som "en ældgammel og liden Stavkirke" med "Taarn paa".[3] Kring 1850 vart våpenhuset og siste del av skipet påbygd. Kyrkja vart òg måla kvit innvendig. På slutten av 1800-talet trudde ein at den gamle stavkyrkja var riven, og at kyrkja som stod i Undredal var bygd ein gong etter 1722. Lorentz Dietrichson hadde ikkje vore i Undredal og baserte seg berre på skriftlege kjelder.[5] Først tidleg på 1900-talet vart det oppdaga at det faktisk var den gamle stavkyrkja som framleis stod. Etter ei stor ommvøling i 1961 vart den kvite målinga vaska av og dei originale måleria kom til syne att. Kyrkja vart òg restaurert i 1984, med nytt kyrkjegolv, og ny bordkledning utvendig. Seinare vart òg taket og kyrkjetårnet reparert. Ved fleire høve har det vore planar om flytting av kyrkja, sist gong var i 1913, men flytting vart det ikkje noko av.
Kyrkja er soknekyrkje i Undredal sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Aurland prestegjeld.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Torkjell Djupedal (1997). «Kan vi tru på årstalet 1147?». Undredal : kyrkja og bygda. Undredal: Undredal sokneråd. s. 129. ISBN 8291722013.
- ↑ Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelen.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)
- ↑ Primærkjelde i Diplomatarium Norvegicum IV, 151
- ↑ Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Undredal stavkirke» på nettstaden stavkirke.org Arkivert 2005-03-28 ved Wayback Machine.
- Undredal stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Undredal stavkyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.