Hopp til innhald

Undervassbåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ubåt)
Den norske undervassbåten KNM Utstein.
Undervassbåten USS Sea Fox.

Undervassbåt, ubåt eller kavbåt, er eit fartøy som kan vere neddykka og manøvrera under vatn. På grunn av mangelen på luft under vatn, både til mannskapa og til motorane, var det fyrst ved oppfinninga av den kombinerte elektro- og dieselmotoren at dei fyrste røynlege ubåtane kom.

Frå byrjinga til i dag har ubåtane utvikla seg frå å vera eit overflatefartøy som kunne dykka for å unngå fiendar, til å bli eit fartøy som går skjult under vatn frå det går frå kai til det kjem tilbake. Fartøystypen er det einaste krigfartøyet som kan operera skjult bak fiendelinjene over lengre tid, og ubåtar blir derfor ofte brukt før ei konflikt bryt ut. Moderne ubåtar kan vera utrusta med både torpedoar og missil.

Det norske Sjøforsvaret har ein eigen undervassflotilje.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Undervassbåt
Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.