Hopp til innhald

Tyssedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyssedal
tettstad
Tyssedal sett frå hi sida av Sørfjorden

Foto: Siri

Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Areal 0,61 km²
Folketal 587  (2023)
Folketettleik 962 / km²
Postnummer 5770 TYSSEDAL
Innbyggjarnamn tyssedøl
Preposisjon i Tyssedal
Kart
Tyssedal
60°07′03″N 6°33′34″E / 60.1175°N 6.586344°E / 60.1175; 6.586344
Wikimedia Commons: Tyssedal

Tyssedal er ein tettstad i Ullensvang kommune, i Hardanger. Tettstaden ligg 6 km nord for Odda, ved riksveg 13 mot Brimnes og har 587 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg mellom Sørfjorden i Hardanger og Hardangervidda.

Tyssedal er ein typisk einsidig industristad, ilmenittsmelteverket Tinfos Titan & Iron (TTI) ligg i Tyssedal. Industrien kom til Tyssedal og Odda på byrjinga av 1900-talet på grunn av lett tilgjengeleg vasskraft. I 1906 starta arbeidet med å byggja Tysso I kraftstasjon i Tyssedal, for å levera straum til fabrikkane i Odda.

Tidlegare låg det eit aluminiumssmelteverk på industritomta. Dokumentarfilmen «Hvem eier Tyssedal?» frå 1975 handlar om arbeidarane sin kamp mot nedlegging av hjørnesteinsbedrifta.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
Tyssedal
Tyssedal kraftanlegg
Folketalsutvikling i Tyssedal
År Innbyggjarar
1910
  
167
1920
  
1 124
1930
  
1 555
1946
  
1 402
1950
  
1 432
1960
  
1 269
1970
  
1 264
1980
  
1 020
1990
  
813
2000
  
746
2009
  
681
2012
  
653
Kjelder:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]