Hopp til innhald

Type I hypersensitivitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Type I hypersensitivitet

Elektronmikroskopi av ulike typar plantepollen.
Pollen er veldig vanlege allergen.
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD006969

Type I hypersensitivitet er ein allergisk reaksjon som vert utløyst av reeksponering for spesifikke antigen som vert kalla allergen.[1] Type I må ikkje forvekslast med type II, type III eller type IV.

Eksponering kan vere gjennom inntak, inhalering, injeksjon eller direkte kontakt.

Patofysiologi

[endre | endre wikiteksten]

Ved type 1 hypersensitivitet vert eit antigen presentert for CD4 Th2-celler som er spesfikke for antigenet, og som stimulerar B-celleproduksjon av IgE-antistoff som òg er spesifikke for antigenet. Forskjellen mellom ein normal infeksiøs immunrespons og ein type 1 hypersensitivitetsrespons, er at det involverte antistoffet er IgE i staden for IgA, IgG eller IgM. Ved sensitivisering vil IgE-antistoffa binde seg til Fcε-reseptorar på overflata av mastceller og blodbasofilar.[2] Mastceller og basofilar som er dekte av IgE-antistoff vert «sensitiviserte». Ved seinare eksponering for det same allergenet vil det bundne IgE-antistoffet på sensitiviserte celler krysslenkast, og set dimed i verk ei degranulering, og utskillinga av farmakologisk aktive mediatorar, som til dømes histamin, leukotrien (LTC4 og LTD4) og prostaglandin som verkar på dei omfemnande veva. Dei prinsipielle verknadane av desse produkta er vasodilatasjon og glattmuskelsamantrekking.

Type 1 hypersensitivitet kan vidare delast inn i umiddelbare reaksjonar og seinfasereaksjonar. Den umiddelbare reaksjonen oppstår innan få minutt etter eksponering, og inkluderer utsleppet av vasoaktive amin og lipidemediatorar. Seinfasereaksjonen oppstår etter 2—4 timar, og inkluderer utsleppet av cytokin.[3]

Oversyn over mediatorar som vert slopne ut av mastceller ved type I hypersensitivitet:
Vasodilatasjon og auka permeabilitet
Spasmer i glattmusklar
  • Histamin
  • PAF
  • Leukotrien C4, D4 og E4
  • Prostaglandin
Leukocyttekstravasasjon
Med mindre noko anna er spesifisert, så er referansen for denne tabellen:[4]

Reaksjonen kan vere anten lokal eller systemisk. Symptom varierer frå mild irritasjon til plutseleg død som følgje av anafylaktisk sjokk.

Behandling og prognose

[endre | endre wikiteksten]

Behandlingar plar å vere med adrenalin, antihistamin og kortikosteroidar. Viss heile kroppen er omfamna kan anafylaksi oppstå, og skape ein akutt, systemisk og potensielt dødeleg reaksjon.

Nokre dømer:

  1. Immediate Hypersensitivity Reactions Medscape. Henta 12. januar 2015.
  2. «The Adaptive Immune System: Type I Immediate Hypersensitivity». Henta 22. september 2008. 
  3. Shiv Pillai MD; Abul K. Abbas MBBS; Andrew Wilson PhD (2011). Cellular and Molecular Immunology: with STUDENT CONSULT Online Access. Philadelphia: Saunders. ISBN 1-4377-1528-1. 
  4. Table 5-2 in:Mitchell, Richard Sheppard; Kumar, Vinay; Abbas, Abul K.; Fausto, Nelson. Robbins Basic Pathology (8 utg.). Philadelphia: Saunders. ISBN 1-4160-2973-7.