Turn to Stone
Turn to Stone Singel av Electric Light Orchestra frå albumet Out of the Blue | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 29. oktober 1977 (UK), november 1977 (US) | |
Innspelt | Musicland Studios (München i Tyskland), 1977 | |
Sjanger | Elektronisk rock, symfonisk rock | |
Lengd | 3:47 | |
Selskap | Jet | |
Tekstforfattar | Jeff Lynne | |
Låtskrivar(ar) | Jeff Lynne | |
Produsent | Jeff Lynne | |
Electric Light Orchestra-kronologi | ||
«Telephone Line» (1977) |
Turn to Stone | «Mr. Blue Sky» (1978)
|
«Turn to Stone» er ein song frå 1977 av Electric Light Orchestra (ELO).
Songen er opningssporet på dobbeltalbumet Out of the Blue. Det var den første singelen frå albumet. Singelen nådde 18. plassen på den britiske singellista[1] og låg 12 veker inne på lista. Av dei fire singlane på albumet, var «Turn to Stone» den einaste som nådde topp 10 i Storbritannia. Songen nådde 13. plassen på singellista i USA[2] og gjekk heilt til topps i Canada tidleg i 1978.
Songen vart skriven i Sveits, der Jeff Lynne hadde leigd ei hytte for å skrive songane for dobbeltalbumet. Lynne spelte Moog-basslinja på songen.
Den 4. november 2008 fekk Lynne BMI (Broadcast Music, Inc) Million-Air-prisen fordi «Turn to Stone» hadde blitt spelt ein million gonger på radio.
Kritikk
[endre | endre wikiteksten]Zachary Curd i AllMusic kalla songen «i røynda ein kjærleikssong. «Turn to Stone» er orkestrert, computerisert, episk rockemusikk laga av Jeff Lynne».[3] Songen vart òg omtalt av Donald A. Guarisco som skreiv «Denne dynamiske opningslåten frå Out of the Blue ere it god døme på korleis Electric Light Orchestra blandar strykar-baserte pop-melodiar med drivand rock and roll.»[4]
I popkulturen
[endre | endre wikiteksten]Songen vart nytta i Doctor Who-episoden «Love & Monsters» (2006), i lag med «Mr. Blue Sky» og «Don't Bring Me Down», som begge vart framført av karakterer i episoden.[5]
Songen vart òg nytta i filmen Detroit Rock City.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Vekeslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1977–1978) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[6] | 17 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[7] | 30 |
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[8] | 27 |
Canada (CHUM)[9] | 1 |
Canada Top Singles (RPM)[10] | 9 |
Frankrike (IFOP)[11] | 68 |
Tyskland (Media Control AG)[12] | 32 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[13] | 11 |
Nederland (Mega Single Top 100)[14] | 23 |
New Zealand (RIANZ)[15] | 21 |
Sør-Afrika (Springbok Radio)[16] | 17 |
Spania (AFYVE)[17] | 25 |
Sverige (Sverigetopplistan)[18] | 10 |
UK Singles (Official Charts Company)[1] | 18 |
US Billboard Hot 100[2] | 13 |
US Cash Box[19] | 11 |
US Record World[20] | 9 |
US Radio & Records (R&R)[21][22] | 5 |
Årslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1978) | Plassering |
---|---|
Canada (RPM Top 200 Singles)[23] | 94 |
US Billboard Hot 100[24] | 94 |
US Cash Box[25] | 91 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Jeff Lynne spelte inn songen på ny i 2013 for eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som eit ELO-album.[26]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Turn to Stone» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 15. februar 2015.
- ↑ 2,0 2,1 «Electric Light Orchestra – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 15. februar 2015.
- ↑ Turn to Stone, arkivert frå originalen 4. januar 2011, henta 16. februar 2015. AllMusic. All Media Network. Henta 15. februar 2015.
- ↑ Guarisco, Donald A. «Turn to Stone – Song Review». AllMusic. All Media Network. Henta 15. februar 2015.
- ↑ Writer Russell T Davies, Director Dan Zeff, Producer Phil Collinson (17 June 2006). «Love & Monsters». Doctor Who. BBC. BBC One.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Ultratop.be – Electric Light Orchestra – Turn To Stone" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 12. februar 2015.
- ↑ «Turn To Stone – ELECTRIC LIGHT ORCHESTRA» (på nederlandsk). Top 30. Henta 15. februar 2015.
- ↑ CHART NUMBER 1099 – Saturday, 04. februar 1978, arkivert frå originalen 11. mars 2012, henta 16. februar 2015. CHUM. Henta 15. februar 2015.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 12. februar 2015.
- ↑ «InfoDisc : Tous les Titres par Artiste» (på fransk). InfoDisc. Select «Electric Light Orchestra» from the artist drop-down menu.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ "Electric Light Orchestra - Turn To Stone". Charts.de. Media Control. Henta 12. februar 2015.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Electric Light Orchestra - Turn To Stone search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 12. februar 2015.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Electric Light Orchestra – Turn To Stone" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 12. februar 2015.
- ↑ "Charts.org.nz – Electric Light Orchestra – Turn To Stone". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 12. februar 2015.
- ↑ «South African Rock Lists Website SA Charts 1969 – 1989 Acts (E)». Rock.co.za. Henta 29 April 2013.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (på spansk) (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ "Swedishcharts.com – Electric Light Orchestra – Turn To Stone". Topp 60. Hung Medien. Henta 12. februar 2015.
- ↑ CASH BOX Top 100 Singles – Week ending JANUARY 21, 1978, arkivert frå originalen 4. oktober 2012, henta 16. februar 2015. Cash Box magazine. Henta 15. februar 2015.
- ↑ RECORD WORLD 1978, arkivert frå originalen 9. mai 2006, henta 16. februar 2015. Record World. Geocities.com. Henta 15. februar 2015.
- ↑ ELO
- ↑ Charts!
- ↑ «Top Singles – Volume 30, nr. 14, December 30 1978». RPM. Library and Archives Canada. Henta 15. februar 2015.
- ↑ «Top 100 Hits for 1978». The Longbored Surfer. Arkivert frå originalen 26. januar 2010. Henta 15. februar 2015.
- ↑ The CASH BOX Year-End Charts: 1978, arkivert frå originalen 26. august 2012, henta 16. februar 2015. Cash Box magazine. Henta 15. februar 2015.
- ↑ «Mr. Blue Sky – The Very Best of Electric Light Orchestra». Elo.biz. 5 October 2012. Henta 13. februar 2015.