Hopp til innhald

Trygve Nygaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trygve Nygaard
Personleg informasjon
Fullt namn Trygve Nygaard
Fødd 19. august 1975 (49 år)
Fødestad Haugesund
Høgd 180 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Haugesund
Nummer 5
Ungdomsklubbar
Noreg Vard Haugesund
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
-1998
1999-2007
2008-
Noreg Haugesund
Noreg Viking
Noreg Haugesund

171 (15)[1]
83 (1)[2]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. august 2011

Trygve Nygaard (fødd 19. august 1975 i Haugesund) er ein norsk fotballspelar. I 2011-sesongen spelar han på midtbanen for Haugesund i Eliteserien.

Nygaard gjekk frå Haugesund til Viking i 1999. Han blei aldri nokon stjernespelar i Viking, men han var elska av publikum på grunn av innsatsviljen og lojaliteten sin. Han var heller ikkje nokon goalgettar, men han hadde eit tungt skot, som han viste fram ved enkelte høve. Best blir han hugsa for målet sitt mot Austria Wien i 2005, som sikra Viking gruppespel i UEFA-cupen.

Etter å ha spelt fast på Viking, sleit Nygaard med å få speletid i 2007, og han bestemte seg for å flytte heim til Haugesund. Sommeran 2007 stranda ein overgang til FK Haugesund på Viking sine krav[3], men 23. oktober gjekk overgangen til slutt i orden.[4]

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 19. mai 2011.
  1. Spelarprofil på Viking sine nettsider
  2. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  3. Nygaard for dyr for FK Haugesund Arkivert 2012-07-02 ved Wayback Machine., Aftenbladet.no, 3. juli 2007
  4. Nygaard til FK Haugesund Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine., Aftenbladet.no, 23. oktober 2007

Spelarprofil på Haugesund sine nettsider[daud lenkje]