Trollhättan
58°17′3.2280″N 12°17′5.1900″E / 58.284230000°N 12.284775000°E
Trollhättan er ein svensk by som ligg i lenet (fylket) Västra Götaland, i landskapet Västergötland. Trollhättan, tidlegare kalla Stora Edet, er administrasjonssentrum i Trollhättans kommun. Byen fekk bystatus så seint som i 1916 og har 46 264 (2009) innbyggjarar. Arbeidsløysa i byen er i 2005 på 10,3%, noko som er blant det høgaste i Göteborgsregionen.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Dei to to største føretaka i Trollhättan er Saab Automobile AB og Volvo Aero Corporation med til saman drygt 10 000 tilsette. Filmindustri er ei ny verksemd som held på å vokse fram i Trollhättan, «Trollywood». Hos Film i Väst vert omtrent halvparten av all svensk langfilm spelt inn. Innovatum Kunskapens Hus, som blei innvigd i 1998, er ein ny møteplass for innovasjonar.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Natur- og kulturmiljøet i Göta älvs foss- og sluseområde med sluser frå 1800, 1844 og 1916 er ein turistattraksjon av internasjonal klasse. Her er fossen Trollhättefalla og Trollhätte kanal. Av andre attraksjonar kan nemnast SAAB-museet og Carl Johans Torg.
Media
[endre | endre wikiteksten]Avis
[endre | endre wikiteksten]- Trollhättans Tidning, (1906 – 2004).
- TTELA sidan 4. desember 2004 etter samanslåing av Elfsborgs Läns Allehanda og Trollhättans Tidning
Radio/TV
[endre | endre wikiteksten]- Radio Trollhättan – Trollhättans Närradioförening (TNRF), 90,6 MHz
- Radio Väst (SR P4)
- TV Fyrstad
Utdanningsinstitusjonar
[endre | endre wikiteksten]Högskolan Väst (HV) (før 1. januar 2006 kjend som Högskolan i Trollhättan/Uddevalla, HTU) har spesialisert seg på teknisk utdanning, og samarbeider med Saab og Volvo Aero.
Trollhättan har òg fleire frittståande grunnskular, samt gymnas. Dei to største grunnskulane er Fridaskolan og Nya skolan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Trollhättan» frå Wikipedia på bokmål, den 4. august 2012.