Trikotasje
Trikotasje er strikka klede. Omgrepet blir brukt om industrielt produserte klede, og trikotasjeindustrien er ein del av tekstilindustrien.
Norsk trikotasjeindustri vart etablert relativt seint i den tekstilindustrielle utviklinga – dei første trikotasjefabrikkane var O. A. Devold i Langevåg i Møre og Romsdal, Salhus Tricotagefabrik i Bergen, C. N. Lauritzens Trikotfabrik i Oslo og Dale Fabrikker i Vaksdal. Desse vart etablerte frå 1850-talet, noko seinare enn den bomullsbaserte tekstilindustrien langs Akerselva.
Trikotasjeindustrien fekk råstoffa sine frå ullvarefabrikkane rundt om i landet, men bomull frå USA og andre land vart òg brukt til å produsere trikotasjeprodukt.
I dagens norske trikotasjeindustri finst det enno ein del merkevarer som produserer i Noreg, først og fremst Dale of Norway, men også tekstilfabrikken Janus og Oleana produserer og sel plagg i Noreg i dag.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Ullundertrøye frå Petersen og Dekke Tricotagefabrik i Bergen.[3]
-
Bomullsunderbukse frå Petersen og Dekke Tricotagefabrik.[4]
-
Treningsjakke frå Salhus Tricotagefabrik.
-
Singlet frå Irisfabrikken, Os.[5]
-
Ullundertrøye til dame frå Janusfabrikken.[6]
-
Saumlause nylonstrømper frå Janusfabrikken.[7]
-
Underskjorte til barn frå Janusfabrikken.[8]
-
Islendar frå Salhus Tricotagefabrik på 1970-80-tallet.[9]
-
Stoffprøve til islendarar frå Salhus Tricotagefabrik.[10]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Trikotasje» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2020.
- ↑ «Strikkemaskin», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «Skjorte», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «Undertrøye», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «Underbukse», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «Singlet», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «Undertrøye», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «Strømper», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «T-skjorte i emballasje», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «Genser», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
- ↑ «Stoffprøve», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Omtale av norske tekstilbedrifter – norsk museumsnettverk for industrihistorie.