Hopp til innhald

Tour de France Soundtracks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tour de France Soundtracks
Studioalbum av Kraftwerk
Språk tysk
Utgjeve 4. august 2003
Innspelt 2003
Sjanger Elektronisk
Lengd 53:57
Selskap Kling Klang
EMI
Astralwerks
Produsent Ralf Hütter
Florian Schneider
Fritz Hilpert
Henning Schmitz
Kraftwerk-kronologi 
Electric Café
(1986)
Tour de France Soundtracks Minimum-Maximum
(2005)


Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic73/100 [1]
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [2]
Stylus MagazineB [3]
Pitchfork Media7.0/10 [4]
Rolling Stone3/5 stars [5]
Mojo4/5 stars [6]
Uncut4/5 stars [7]
The Guardian4/5 stars [8]
BBCfavourable [9]
Drowned in Sound8/10 stars[10]

Tour de France Soundtracks er det tiande studioalbumet til den tyske electronica-gruppa Kraftwerk. Det kom ut i august 2003. Albumet vart gjeve ut att i oktober 2009 som Tour de France. Albumet vart spet inn for å feire 100-årsjubileet til det første Tour de France-rittet, men vart ikkje gjeve ut tidsnok til rittet det året. Det inneheld singelen deira frå 1983 med same namn, og plateomslaget er nesten identisk omslaget til singelen. Utgjevinga skapte høg forventning, sidan det var 17 år sidan det førre studioalbumet med nye songar frå bandet etter Electric Café i 1986.

Albumet hadde ikkje ein eigen tysk- og engelskspråkleg versjon, slik dei hadde gjort før, men hadde berre ein versjon med ei blanding av fransk-tysk og engelsk. Tekstane vart skrivne av Ralf Hütter og Maxime Schmitt.

Albumet vart spelt inn i Kling Klang studio, som dei eig sjølv, og som ligg i Düsseldorf i Tyskland. Hütter og Schneider arbeidde med Fritz Hilpert og Henning Schmitz. Dette firemannsbandet la så ut på ein omfattande turne i 2004. På denne turneen spelte dei musikken frå fire datamaskiner. I 2005 gav Kraftwerk ut Minimum-Maximum, som var ei separat utgjeving av audio og video frå songane frå turneen.

Alle songar er skrivne av Ralf Hütter, Florian Schneider, Fritz Hilpert og Maxime Schmitt utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Prologue» (Hütter, Schneider, Hilpert)0:31
2.«Tour de France Étape 1»4:27
3.«Tour de France Étape 2»6:41
4.«Tour de France Étape 3»3:56
5.«Chrono»3:19
6.«Vitamin» (Hütter, Hilpert)8:09
7.«Aerodynamik»5:04
8.«Titanium»3:21
9.«Elektro Kardiogramm» (Hütter, Hilpert)5:16
10.«La Forme» (Hütter, Schmitt)8:41
11.«Régéneration» (Hütter, Schmitt)1:16
12.«Tour de France» (Hütter, Schneider, Schmitt, Bartos)5:12

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Ralf Hütter – vokal, synthesizerprogram, sequencing
  • Florian Schneider – vokal, synthesizerprogram, sequencing
  • Fritz Hilpert – synthesizerprogram, elektronisk perkusjon, lydteknikar[11]
  • Henning Schmitz – synthesizerprogram, elektronisk perkusjon
  1. http://www.metacritic.com/music/tour-de-france-soundtracks/kraftwerk
  2. John Bush. «Review». allmusic.com. Henta 5. april 2013. 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. februar 2005, henta 4. april 2013 
  4. Leone, Dominique (11 August 2003). «Kraftwerk: Tour de France Soundtracks». pitchforkmedia.com. Henta 5. april 2013. 
  5. Miles, Milo (12. august 2003). «Tour De France Soundtracks». rollingstone.com. Henta 5. april 2013. 
  6. No huge amounts of new ground broken... but even a mediocre Kraftwerk album is still a work of near-genius. [Sep 2003, s.101]
  7. Cavanagh, David. «Uncut Reviews: Kraftwerk - Reissues». Uncut. Arkivert frå originalen 1 January 2011. Henta 5. april 2013. 
  8. http://www.guardian.co.uk/music/2003/aug/01/popandrock.shopping4
  9. Jones, Chris (30 July 2003). «Kraftwerk Tour De France Soundtracks Review». bbc.co.uk. Arkivert frå originalen 19. juli 2012. Henta 5. april 2013. 
  10. Chris Power (16 October 2009). «Kraftwerk Tour de France: Remastered». drownedinsound.com. Arkivert frå originalen 5. juni 2016. Henta 5. april 2013. 
  11. (2009) Plateomslagstekst for Tour De France (Digital Remaster) av Kraftwerk [CD]. Great Britain: Mute Records (CDSTUMM310).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]