Torrent
Utsjånad
(Omdirigert frå Torrent i Valencia)
- Sjå òg fildelingsprotokollen BitTorrent.
Torrent | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Spania | ||
Autonom region | Valencia | ||
Provins | Valencia | ||
Borgarmeister | María José Catalá Verdet | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
69,3 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
83 457 1 204,3 /km² | ||
Koordinatar | 39°26′N 0°28′W / 39.433°N 0.467°W | ||
Høgd over havet | 66 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 46900 | ||
Nettstad: www.atorrent.es |
Torrent er ein by i storbyområdet rundt byen Valencia i Spania. Han er den største kommuynen i Horta Sud ein comarca, med kring 85 000 innbyggjarar. Han ligg 7 km frå sjølve Valencia, og er knytt til byen via ein metro.
Kommunen grensar til Aldaia, Alaquàs og Xirivella i nord, Picanya og Catarroja i aust, Alcàcer og Picassent i sør og Montserrat, Godelleta, Turís og Xiva i vest. Alle desse ligg i provinsen Valencia.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Landsbyen Torrent vart offisielt grunnlagd etter reconquistaen, men det hadde stått eit tårn og festningsverk her fleire hundreår tidlegare. Arkeologiske funn indikerer at det har budd folk i området sidan bronsealderen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Torrent, Valencia» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2009.