Tobias Angerer
Tobias Angerer | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 12. april 1977 (47 år) Traunstein |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 2014, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – men's 15 kilometre classical, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 30 kilometer jaktstart menn, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013 |
Utmerkingar | Silbernes Lorbeerblatt, Den bayerske fortjenstorden |
Tobias Angerer (fødd 12. april 1977) er ein tysk tidlegare langrennsløpar frå Traunstein i Bayern. Han vann verdscupen i langrenn både i 2006 og 2007. Mellom 2002 og 2011 erobra han fire OL-medaljar og sju VM-medaljar, seks i sølv og fem i bronse, men ingen meistertittel.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Angerer var med på å ta bronse med Tysklands stafettlag i vinter-OL 2002, og sølv med laget som deltok under ski-VM 2005 i Oberstdorf. Under vinterleikane 2006 fekk han ein ny sølvmedalje i 4x10 km stafett, og tok elles bronsemedaljen på 15 km. Året etter vart det også bronse på 15 km, då ski-VM 2007 vart avvikla i Sapporo. Tidlegare i meisterskapen sikra han tysk dobbeltsiger på 30 km, landsmannen Axel Teichmann vart verdsmeister.
Under ski-VM 2009 i Liberec sikra Angerer seg tre medaljar. Saman med nemnde Teichmann tok han sølv i lagsprinten, og dei to gjekk også på Tyskland sitt sølvlag i 4x10 km stafett. Individuelt sikra han seg så ein bronsemedalje på den avsluttande 50-kilometeren. Også frå vinter-OL i 2010 kom Angerer heim med ein medalje. I den fyrste langrennsøvinga tok han OL-sølv, slått klart i spurten av svenske Marcus Hellner. Angerer gjekk så ankeretappen for Tyskland i 4x10 km stafett under ski-VM 2011 i Oslo. I spurten var han nærast sjanselaus då spurtkanonane Petter Northug og Marcus Hellner sette fart på oppløpet og dermed vart det bronsemedalje på Tyskland.
Verdscupen
[endre | endre wikiteksten]Angerer vann verdscupen i langrenn i 2006, ein prestasjon han gjentok i den påfylgjande langrenns-sesongen. I januar 2007 vart han den fyrste mannlege vinnaren av Tour de ski. Sitt fyrste verdscuprenn vann han på nyåret i 2004, ein 30 km i Falun. Fram til januar 2009 vann han ytterlegare ti sigrar i verdscuprenn, den siste ein 15 km i fristil i Rybinsk. I alt har han stått 28 gongar (11-5-12) på pallen etter individuelle tevlingar i verdscupen i langrenn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Tobias Angerer» (på engelsk). Olympedia. Henta 6. februar 2022.
- Einskildmenn
- Fødde i 1977
- Tyske langrennsløparar
- Tour de Ski-vinnarar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2002
- Tyske deltakarar under vinter-OL 2002
- Langrennsløparar under vinter-OL 2002
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2006
- Tyske deltakarar under vinter-OL 2006
- Langrennsløparar under vinter-OL 2006
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2010
- Tyske deltakarar under vinter-OL 2010
- Langrennsløparar under vinter-OL 2010
- Tyske deltakarar under vinter-OL 2014
- Langrennsløparar under vinter-OL 2014
- Deltakarar under Ski-VM 2003
- Deltakarar under Ski-VM 2005
- Deltakarar under Ski-VM 2007
- Deltakarar under Ski-VM 2009
- Deltakarar under Ski-VM 2011