Tjuvenborgen
Utsjånad
Tjuvenborgen | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Ringerike (Buskerud) | ||
Fjellområde | Ådalsfjella | ||
Høgd | 690 moh. | ||
Tjuvenborgen 60°19′49″N 9°58′41″E / 60.33030556°N 9.97808333°E |
Tjuvenborgen (690 moh.) er eit fjell i Strømsoddbygda, på sørsida av Høgfjell i Ådalsfjella, litt sør for Hestebrenna, i Ringerike kommune. I dette området har òg Den Norske Turistforeininga ei hytte, Tjuenborgkoia. Ho ligg like under Hestebrenna.
Tjuvenborgen kan vere ei gammal bygdeborg. Segna seier ho var besett av lokale røvarar ein gong i tida. Ho er bratt og utilnærmeleg der ho ligg som ei «vorte» i terrenget. Utsikta er ikkje like god som frå Hestebrenna. I samband med Tjuvenborgen ligg òg den såkalla «Røverhula», ein stad der ein trudde røvarar heldt til i riktig gamle dagar. Frå Røverhila er det god utsikt, og det er stupbratt (loddrett) på yttersida.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Ådalsfjella (samleomgrep)
- Vikerfjell
- Kjølfjellet
- Urdevassfjell
- Høgfjell
- Hestebrenna
- Tjuvenborgen (denne kollen)Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.