Hopp til innhald

Timočka Krajina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Timočka Krajina
region
Utsyn mot Sokobanja.
Del av Serbia
Areal 7 131 km²
Folketal 197 815 (2022)
Kart
Timočka Krajina
44°00′00″N 22°10′00″E / 44°N 22.1667°E / 44; 22.1667
Timočka Krajina i Serbia.
Timočka Krajina i Serbia.
Timočka Krajina i Serbia.

Timočka Krajina (kyrillisk skrift Тимочка Крајина) eller Timokdalen er ein geografisk region i austre Serbia rundt elva Timok. Han omfattar distrikta Zaječar og Bor og har 200 785 innbyggarar (2022).

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

I området talar ein tradisjonelt torlakdialekten av serbisk, men bruken av dialekten har stadig meir måtta vika for standardisert serbisk. Valakarane sitt språk og rumensk, som blir tala av minoritetane, er austromanske språk.

Området er rikt på Kopar- og gullgruver, særleg i Bor- og Majdanpektraktene. Det er òg ein av sju hovudregionar for vindyrking i Serbia.