Hopp til innhald

Tianmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Tianmen (gul) i Hubei

Tianmen (天门市, pinyin Tiānmén Shì) er ein subprefektur-by midt i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Subprefekturbyen har eit areal på 2 004 km² og hadde om lag 1,7 millionar ibuarar i 1999. Tianmen, som er oppkalla etter ei fjellkjede nordvest i området, ligg vest for Wuhan. Forfattaren Lu Yu, som levde på 700-talet og er kjend for sine skrifter om tekultur, var frå byen.

Samferdsel

[endre | endre wikiteksten]

Jarnvegen HankouYichang, ei snøggbane som vart opna i 2012, har stoppestasjon i Tianmen.