Thomas Gold
Utsjånad
Thomas Gold | |||
Fødd | 22. mai 1920 Wien i Austerrike | ||
---|---|---|---|
Død | 22. juni 2004 (84 år) Ithaca i New York | ||
Nasjonalitet | Austerrike | ||
Område | Astrofysikk, astronomi, biofysikk, kosmologi, geofysikk, romfartsteknikk | ||
Yrke | astronom, flyingeniør, astrofysikar, ingeniør, fysikar, universitetslærar, biofysiker, geofysikar, akademikar | ||
Institusjonar | Harvard University Cornell University University of Cambridge | ||
Alma mater | Trinity College, Cambridge | ||
Doktorgradsrettleiar | R. J. Pumphrey | ||
Doktorgradsstudentar | Stanton J. Peale Peter Goldreich | ||
Kjend for | Steady State-teorien, Abiotisk petroleum | ||
Ektefelle | Merle Gold | ||
Medlem | Royal Society National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences American Philosophical Society |
Thomas Gold (22. mai 1920–22. juni 2004) var ein austerriksk-amerikansk astrofysikar utdanna i Storbritannia, før han emigrerte til USA i 1956.
Gold var professor ved Cornell University og direktør for Central Radio-physics and Space Research frå 1959. Gold utførte pionerarbeid innan kosmologi, plasmafysikk, radioastronomi og planetfysikk. Han sette fram ei rekkje (til dels kontroversielle) teoriar, mellom anna steady-state-teorien innafor kosmologi (saman med Fred Hoyle og Hermann Bondi), teoriar for naturen og opphavet til pulsarane, strukturen til måneoverflata og jordmagnetiske stormar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Thomas Gold», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1920
- Døde i 2004
- Elevar ved Trinity College i Cambridge
- USA-amerikanske romfartsteknikarar
- USA-amerikanske astronomar
- USA-amerikanske biofysikarar
- USA-amerikanske geofysikarar
- Austerrikske astronomar
- Austerrikske biofysikarar
- Tilsette ved Cornell University
- Kosmologar
- Medlemmar av Royal Astronomical Society
- Medlemmar av Royal Society
- Tilsette ved Harvard University
- Medlemmar av United States National Academy of Sciences
- Forskarar frå Wien
- Royal Astronomical Society sin gullmedalje
- Medlemmar av American Geophysical Union