Thomas Eriksson
Utsjånad
Thomas Eriksson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 7. oktober 1959 (65 år) Borlänge |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1980, Ski-VM 1982, Ski-VM 1987, Ski-VM 1991, Ski-VM 1989, Ski-VM 1993 |
Thomas Eriksson (fødd 16. oktober 1959) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar frå Borlänge, som vart verdsmeister på 30 km under ski-VM 1982 i Oslo. Han tevla for Domnarvets IF.
Eriksson vann eit svært overraskande VM-gull på opningsdistansen under verdsmeisterskapen på ski i Oslo i 1982. Med tida 1.21.52,3 slo han den norske sølvvinnaren Lars Erik Eriksen med 21,6 sekundar. Denne sigeren var også hans fyrste verdscupsiger, den andre og siste kom i desember 1986 på ein 30 km i Davos.
I sesongane 1981 og 1982 vann Eriksson tre svenske meisterskap.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Nr 11 på 15 km
- Ski-VM 1982 i Oslo: Gullmedalje på 30 km
- Ski-VM 1985 i Seefeld: Bronsemedalje på 4 x 10 km stafett
- Ski-VM 1987 i Oberstdorf: Nr 11 på 30 km
- Ski-VM 1989 i Lahti: Nr 5 på 15 km klassisk stil og nr 9 på 15 km fristil
- Ski-VM 1991 i Val di Fiemme: Nr 7 på 10 km og sølvmedalje på 4 x 10 km stafett
- Ski-VM 1993 i Falun: Nr 27 på 25 km jakstart
Gullmedaljar i svenske meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1981: 15 km og 50 km
- 1982: 50 km
Bakgrunnnstoff
[endre | endre wikiteksten]- FIS-biografi Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.
- Erikssons profil på Sports-reference.com Arkivert 2012-12-17 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Thomas Eriksson (Skilangläufer)» frå Wikipedia på tysk, den 17. juli 2012.